Ein dataspelutviklar er ein person eller eit føretak som utviklar og designar dataspel. Ein utviklar kan spesialisera seg på ein type spelkonsoll som Microsoft Xbox 360, Sony PlayStation 3 eller Wii, eller laga spel for fleire system, medteke persondatamaskiner.

Nokre utviklarar spesialiserer seg på særskilte typar spel, som datarollespel eller ego-skytarar. Somme fokuserer på å portera spel frå eit system til eit anna, andre omset spel til ulike språk, særleg frå japansk til engelsk.

Dei fleste dataspelutgjevarane har utviklingsstudio, som Nintendo EAD hjå Nintendo og Polyphony Digital hjå Sony. Sidan desse føretaka hovudsakleg driv med publisering er dei vanlegvis heller omtalte som «utgjevarar» enn «utviklarar».

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

This article uses material from the Wikipedia article Dataspelutviklar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.