Afar er eit kusjittisk språk som blir snakka i Afar-regionen i Etiopia, i Eritrea og Djibouti.
Det er kanskje 1,5 millionar talarar, afarar, men det er berre mellom éin og tre prosent som kan skrive det. Som dei andre austkusjittiske språka har det ordrekkefølgja subjekt–objekt–verb. Det næraste slektspråket til språket er saho.
Afar | ||
Klassifisering | Afroasiatisk Kusjittisk Austkusjittisk Saho-afar Afar | |
Bruk | ||
Tala i | Etiopia Eritrea Djibouti | |
Afartalande i alt | 1 440 000 | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Etiopia, Eritrea, Djibouti | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | aa | |
ISO 639-2 | aar | |
ISO 639-3 | aar | |
Wiki på afar |
I Eritrea er afar eitt av ni nasjonalspråk som formelt nyt lik status, sjølv om tigrinja og arabisk har størst utbreiing i offisiell bruk. Det er daglege program på afar i radio og det finst òg ein omsett versjon av den eritreiske grunnlova. Skolegangen får afarane likevel på arabisk, som mange av dei brukar som andrespråk.
I Afar-regionen i Etiopia vert det brukt i nokre få skolar, men amharisk er bruksspråk i regionen.
Afar har fem vokalar, det klassiske femvokalssystemet, i, e, a, o, u. Vokalane kan vere korte eller lange. Lange vokalar blir skrive med to vokalsymbol.
Labial | Alveolar | Retrofleks | Palatal | Velar | Faryngal | Glottal | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Plosivar | ustemt | t [t] | k [k] | |||||
stemt | b [b] | d [d] | x [ɖ] | g [ɡ] | ||||
Frikativar | ustemt | f [f] | s [s] | c [ħ] | h [h] | |||
stemt | q [ʕ] | |||||||
Nasalar | m [m] | n [n] | ||||||
Approksimantar | w [w] | l [l] | y [j] | |||||
Flapp | r [r] |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Afar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.