Adalstein Av England

Adalstein av England (angelsaksisk namn Æðelstán, moderne engelsk Athelstan) var konge av England i tidsrommet frå 924 til 939.

Adalstein
Adalstein Av England
Konge av England
Regjeringstid924939
Føddca. 895
FødestadWessex
Død27. oktober 939 i Gloucester
DødsstadGloucester
GravstadMalmesbury Abbey
FøregangarEthelweard av England
EtterfølgjarEdmund I av England
DynastiHuset Wessex
FarEdvard den eldre
MorEcgwynn
BornHåkon I av Noreg

Adalstein var fødd om lag 895 i Wessex i England. Han var son til kong Edvard den eldre (King Edward the Elder), som i sin tur son av kong Alfred den store av Wessex. Mor til Adalstein heitte Egwina og var fyrst kjend som ei fattig dotter av ein gjetar. Edvard den eldre fekk kjærleik til henne. Seinare vart mora skildra som «ei dame av adelsslekt». Såleis er det stilt spørsmål om Athelstan retteleg kunne verta konge, av di han ikkje var fødd innanfor ekteskapet. I tillegg kunne det vera at mora si ætt ikkje var god nok.

Som konge av England etterfylgde Adalstein halvbror sin Ethelweard (904-924). Ethelweard døydde i Oxford etter berre å ha vore konge i seksten dagar. Det vert spekulert om Ethelweard vart drepen etter ordre frå Adalstein. I alle høve vart Adalstein konge den 17. juli 924.

Adalstein er ofte sett på som den fyrste rettelege kongen av heile England. Han hadde militær framgang, og vann slag både over engelske rivalar og mot vikingane. Området han styrte vart utvida til delar av Wales og Cornwall. Den største sigeren kom i slaget ved Brunanburh i 937.

Sjølv om Adalastein gjekk inn i fleire alliansar knytt til familien, gifta han seg aldri og fekk ingen born. Adalastein var fosterfar til den seinare kong Håkon I av Noreg, som blei kjend under tilnamna «adalsteinsfostre» og «den gode». I dei norske kongesogene, Heimskringla, vert Athelstan omtala som «kong Adalstein».

Kong Adalstein døydde 27. oktober 939. Han vart gravlagd i klosteret Malmesbury Abbey i Wiltshire. Halvbroren Edmund etterfylgde han.

Tags:

924939AngelsaksararEngland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

El GrecoCosta RicaStilarkLa forza del destinoErik FollestadNM i fotball for kvinnerKarl III Johan av NoregCosenzaDen spanske inkvisisjonenAbdusamet YigitFilmen Harry Potter og fangen fra AzkabanManiokAndre verdskrigenKaptein SabeltannVerdas språk etter utbreiingNormandieOlav V av NoregGoogleUndergrunnsbanen i LondonAbAli Baba og dei førti røvaraneSchrödingers kattKambodsjaRuth VangHenrik IbsenGripJon AlmaasDavid Ben-GurionOmanEdvard VII av StorbritanniaNe me quitte pasOppland fylkeMuscatGreenwich middeltidWayback MachineTriduumRaphaël PoiréeFlåklypa Grand PrixAdjøEuropaFader vårTrigonometrisk funksjonSavoykålLeif ØstliGud signe maten på vårt bordSamvirkelag28. marsBaltimoreDen norsk-russiske grensaToompeaGeorg Wilhelm Friedrich HegelGustav StrømsvikAust-Agder fylkeHenånKommunevåpen i Noreg27-årsklubbenTsjetsjeniaÅl i HallingdalRoald ØyenKleopatraFribyNasjonaldyrStratovulkanVelkomstPalestinamandatetEgypt i oldtidaHøgaste fjell i EuropaFascismeFøderal republikkTjøttaAsker kommuneMeisefamilienHarald Eia🡆 More