Gloucester

Gloucester er ein by og eit administrativt distrikt i Gloucestershire, England.

Han er administrasjonsby for grevskapet.

Gloucester

Gloucester frå Painswick Beacon
Gloucester frå Painswick Beacon
Gloucester frå Painswick Beacon
Plassering
Gloucester is located in
Gloucester
Styresmakter
Land Gloucester Storbritannia
Konstituerande land Gloucester England
Grevskap Gloucestershire
Distrikt Gloucester
Grunnlagd
Geografi
Flatevidd
 - By

40,54 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

123 200
  3 039 /km²
Koordinatar 51°52′N 2°15′W / 51.867°N 2.250°W / 51.867; -2.250
Diverse annan informasjon
Postnummer GL1-4
Telefon-retningsnummer 01452
Gloucester Commons har multimedium som gjeld: Gloucester

Byen ligg nær grensa til Wales, på austbreidda av Severn. Han har Cotswolds mot aust, Forest of Dean mot vest og Malvern Hills mot nordvest.

Gloucester er ein hamneby, som via Gloucester- og Sharpnesskanalen er knytt til Severnfjorden. Kanalen tillét større skip å segle inn til byen, men i nyare tid har hamna likevel mista mykje av tydinga si. Verfta, lagera og dokkene forfall i lang tid, men i 1980-åra vart dei restaurert og lagde ut som eit ope område for innbyggjarane. National Waterways Museum er innreitt i nokre av lagera, medan andre er gjorde om til luksusleiligheter, butikkar og serveringsstader.

Gloucester
Katedralen i 1828

Gloucesterkatedralen starta som eit kloster vigt til apostelen Peter, som vart grunnlagt i 681. Kong Edvard II er gravlagd der. For mange er katedralen kanskje mest kjend for at fleire scener i filmane om Harry Pottar er spelt inn der. Rett ved katedralen er St Mary's Square, der biskop Hooper vart avretta under Maria I.

Historie

I romersk tid heitte staden Glevum. Den romerske busetjinga vart grunnlagt under Nerva. Tradisjonen fortel at det låg ein eldre britisk busetjing der, men det er uklart om dette er riktig. Delar av dei romerske murane er bevarte, og det er gjort ei rekkje funn av romerske gjenstandar og myntar.

Etter slutten på den romerske perioden styrte bestefar til Vortigern byen i ein periode, ifølgje Historia Britonum. Etter slaget ved Deorham i 577 tok Wessex kontroll over byen.

I 681 vart klostret grunnlagt av Aethelred av Mercia, som abdiserte og levde som munk der. Fram til normannarane erobra området, vart det styrt av ein portreeve, med eit slott som ofte vart vitja av kongen. Det vart slått mynt i Gloucester. Jarlen Godwin av Wessex (død 1053) er den første kjende herren over området.

Kong Henrik II gav byen det første chartret i 1155. Borgarane fekk nokre av dei same privilegia som borgarane i London og Winchester. Eit seinare charter frå same konge gav rett til fri ferdsel på Severn. Richard I stadfesta det første chartret i 1194, og Johan utan land utvida privilegia i 1200, blant anna ved å frita byen for tollved handel innanfor riket.

I 1483, under Richard III vart byen eit korporativt grevskap. Dette vart stadfesta i 1489 og 1510, og rettane vart utvida under både Elisabeth I og Jakob I.

Under den engelske borgarkrigen var kringsetjinga av Gloucester i 1643 ein viktig trefning. Parliamentarianarane, som var kringsett i byen, sigra.

Gloucester var inntil konstruksjonen av Severn Bridge i 1966 det nedste krysningspunktet på elva. Brua som Thomas Telford bygde i 1829 over elva står enno, men ho er for svak og smal for moderne trafikk, som sidan 1974 har gått over ei ny bru ved sidan av.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Distrikt i EnglandEnglandGloucestershire

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Knut den mektigeJobs bokAdolf EichmannKlima i AustraliaTrykkSamisk kulturVenceslaus Ulricus HammershaimbAmfibolSki-VM 2013KvadratmeterSvartehavetDet polsk-litauiske samveldetHeidi Marie KriznikSophie Román HaugVendlandRomeo og JulieTrygve Slagsvold VedumRudolf NilsenTom Petty and the HeartbreakersHaakon VII av NoregSørum kommuneOrlogsflaggNynorsk WikipediaKiruna23. februarDaniel LanoisRøysVang kommuneMidsommarNazismeMoldovaFilmserien Harry PotterApeYSkigardsviseEdvard VII av StorbritanniaYoungs modulEBrusselArnfinn BergmannMarc ChagallDen arabiske verdaSkottlandJemenStrålefinnefiskarNyreportMS «Gullving»Peter ŠťastnýNasjonaldyrKvinnherad kommuneJerry ReedNM i alpine greiner 1956Elizabeth II av StorbritanniaDet greske alfabetetNoregDactylorhiza majalis ssp. integrataRekonstruksjonistisk jødedomKvekaraneSamisk språkhistorieGribbarHandball-EM 2014 for mennInterneringTaylor SwiftLongenestindenKattAbu NidalRusslandRittmeisterPhilly Joe JonesÅkerbærGine Cornelia PedersenDomenetapEuroJonsereds Fabrikers AB🡆 More