'39: Song av Queen

«'39» er ein song av det britiske rockebandet Queen.

'39
Song av Queen
frå albumet A Night at the Opera
Utgjeve 21. november 1975
Innspelt August – november 1975 i forskjellige studio
Sjanger Progressiv rock, folkrock, softrock
Lengd 3:30
Selskap EMI (UK)
Parlophone (Europe)
Elektra (US)
Komponist Brian May
Tekstforfattar Brian May
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent Roy Thomas Baker
Queen

Han var skriven av sologitaristen Brian May og er det femte sporet på det fjerde studioalbumet deira, A Night at the Opera.

Songen fortel om ei gruppe romfararar som legg ut på ei reise som skal vare eitt år. Då dei kjem attende skjønar dei at det har gått hundreår på grunn av tidsdilatasjonen i den spesielle relativitetsteorien til Einstein, og alle dei hadde kjær er no døde eller gamle.

Songen vart gjeven ut til B-sida til «You're My Best Friend».

Oom ein listar opp alle dei førre Queen-songane frå dei første tre albuma, og dei første frå dette albumet, så vert «'39» den 39. songen i rekkjefølgja.

Innspeling

May bad bassisten John Deacon om spele kontrabass på songen som ein spøk, men eit par dagar seinare dukka Deacon opp i studio med instrumentet, og han hadde alt lært seg å spele det.

Sidan Queen hadde kalla albumea sine A Night at the Opera og A Day at the Races etter to av dei mest populære filmane til Marx Brothers, vitja Queen Groucho Marx i heimen hans i Los Angeles i mars 1977 (fem månader før han døydde). Bandet takka han og framførte «'39» acappella.

Konsertversjonar

Songen vart først framført i Edinburgh i september 1976 og var på setlista fram til desember 1979. Songen vart spelt nokre gonger i 1984. I staden for at May song solovokal på desse versjonane, song Mercury songen.

George Michael framførte «'39» under Freddie Mercury Tribute Concert i april 1992. Michael sa at songen var hans favoritt Queen-song, og hevda at han spelte songen då han var gatemusikant på London Underground.

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

'39 Innspeling'39 Konsertversjonar'39 Medverkande'39 Kjelder'39 Bakgrunnsstoff'39A Night at the Opera av QueenBrian MayQueen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Volda kommunePlaneten MarsFotTreriksrøysaMax ManusÅl i HallingdalLemming1455KalkulusGripBlåPintA4VaktlarKyprosNordmøreHTMLMSamvirkelag1754Trigonometrisk funksjonSvartedauen2024Den julianske kalenderenDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenMount EverestKoboltMaskorama (sesong 4)Creative CommonsUstedalenLeksikonGardasjøenWikibooksKongo-BrazzavilleNynorskÅrstidFilmserien Harry PotterTidslinje over norsk historieSlaveRoger FedererPandaIntellektuellKjærleik1450NormaltidKattLangfredagAmitav GhoshCiceroSandsøya i SandeVardø kommuneKnuskkjukeUTCParaguayValladolid2019SevillaBjarne BrøndboHelena BrodtkorbRobin WilliamsKroatiaMelhusTalord1318Edvard VII av StorbritanniaClement AttleeMicrosoft WindowsFiskebankeToompeaPåskeprosesjonTysdagKnut Hamsun🡆 More