Izmit (tidlegare Nikomedeia) er ein by i Tyrkia og det administrative senteret i provinsen Kocaeli, samt kommunen Kocaeli.
Han ligg ved Izmitbukta i Marmarahavet, kring 100 km aust for Istanbul. Byen har kring 300 000 innbyggjarar, med 1,4 millionar innbyggjarar i storbyområdet. Han har ei historie som går attende til 300 fvt.
İzmit | |||
by | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Marmararegionen | ||
Provins | Kocaeli | ||
Høgd | 100 moh. | ||
Koordinatar | 40°46′N 29°55′E / 40.767°N 29.917°E | ||
Areal | 3 524 km² | ||
Folketal | 300 611 | ||
Folketettleik | 85 / km² | ||
Borgarmeister | İbrahim Karaosmanoğlu | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 41xxx | ||
Retningsnummer | (+90) 262 | ||
Bilnummer | 41 | ||
İzmit 40°46′19″N 29°56′59″E / 40.7718818°N 29.9497846°E | |||
| |||
Wiki Commons: İzmit | |||
Nettstad: Kocaeli Metropolitan Municipality | |||
Næringslivet består for det meste av kjemisk industri.
Byen ligg langs Europaveg 80. Det går òg ein jernbane gjennom byen frå Istanbul til Ankara.
I antikken låg Nikomedeia, grunnlagd 264 fvt. av Nikomedes I av Bithynia her og var ein av dei viktigaste byane i Vesleasia. Diokletian gjorde den til hovudstad i den austlege rikshalvdelen. Konstantin residerte òg i byen. Sidan har byen vorte mindre viktig. Her finst historiske minnesmerke som omfattar restane av bymurane og ei austromersk festning, samt ein moské frå 1500-talet bygd av den kjente arkitekten Sinan.
Byen fekk store skadar i samband med eit jordskjelv den 17. august 1999, der kring 19 000 menneske omkom.
İzmit har eit fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering Cfa), med innslag av maritimt og kontinental klima. Somrane er varme og særs fuktige, og den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen er kring 29 °C i juli og august, sjølv om temperaturane vanlegvis går over 30 °C i juni, juli, august og september. Vintrane er kjølige og fuktige, og den lågaste gjennomsnittlege minimumstemperaturen er kring 3 °C i januar. Nedbørmengda er høg og jamt fordelt over året, men minst på sommaren. Det er forholdsvis vanleg med snø frå desember til mars.
Vêrdata for İzmit | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 9,6 | 10,5 | 13,2 | 18,4 | 23,1 | 27,5 | 29,4 | 29,3 | 25,8 | 20,6 | 15,7 | 11,4 | 19,5 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 6,2 | 6,5 | 8,6 | 13 | 17,4 | 21,8 | 23,8 | 23,6 | 20,1 | 15,9 | 11,5 | 8,2 | 14,7 |
Gjennomsnittleg min °C | 3,4 | 3,4 | 5 | 8,8 | 12,8 | 16,9 | 19,2 | 19,4 | 16 | 12,5 | 8,3 | 5,4 | 10,9 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 91,3 | 74,9 | 72 | 55,3 | 45,9 | 50,4 | 39,2 | 54,2 | 50,6 | 94,5 | 87,2 | 107,8 | 823,3 |
Gns. solskinstimar i månaden | 71,3 | 78,4 | 124 | 162 | 223,2 | 267 | 282,1 | 266,6 | 207 | 142,6 | 102 | 74,4 | 2 000,6 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article İzmit, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.