Motorola 68000 er ein 16-bits CISC-prosessor som vart produsert hjå Motorola i NMOS-teknologi frå 1979 til 2000.
Nemninga 68000 kjem av at den integrerte krinsen var sett i hop av om lag 68.000 transistorar. Motorola 68000 har vorte nytta både i tidlege utgåver av Apple Macintosh, i Commodore Amiga og i Atari ST. Han vart ogso teken i bruk i spelkonsollmaskinen Sega Megadrive og i TI-89-kalkulatoren frå Texas Instruments.
Mikrokontrolleren ColdFire, som i dag vert produsert av Freescale Semiconductor, er Assembler-kompatibel med den gamle 68000-arkitekturen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Motorola 68000, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.