Torsdag er dagen mellom onsdag og fredag.
Veka |
---|
Han er kalla opp etter den norrøne guden Tor.
Etter den europeiske standarden ISO 8601 er det torsdagane som avgjer kva nummer ei veke skal ha. Veke 1 er definert som veka som inneheld årets første torsdag.
I Storbritannia held ein som regel val på torsdagar. Dette skal ha blitt innført for å sikra høg deltaking; veljarar ville ha brukt opp vekeslønninga si, som blei betalt kvar fredag, og dermed vera edru og klare til å røysta.
I den romerske kalenderen var dagen tileigna Jupiter, dies Jovis, noko som kan tyda på at Tor svara meir til den romerske herskarguden enn Odin gjorde.
Innan hinduismen er torsdag guruvár, dagen til Guru, som i dette tilfellet er sanskritnamnet til planeten Jupiter. Opphavleg var den astronomiske tilknytinga til dagane i veka viktigare enn den religiøse.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Torsdag, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.