Xinhairevolusjonen eller Hsinhairevolusjonen (kinesisk skrift 辛亥革命; pinyin Xīnhài Gémìng) var eit opprør som styrta Qing-dynastiet i Kina i 1911.
Det har namn etter det kinesiske året xinhai ('metall-gris') det fann stad i. Revolusjonen innvarsla opprettinga av Republikken Kina.
Opprøret braut ut den 10. oktober 1911 i Wuchang, hovudstaden i den sentrale Hubei-provinsen. Leidd av Li Yuanhong tok opprørarane kontroll over arsenalet i Hanyang og massakrerte den svake garnisonen med mandsjuiske Qing-styrkar. Opprøret spreidde seg raskt til dei større byer i Hubei og Hunan. Det spreidde seg gjennom sørkinesiske provinsar og lét seg ikkje stoppa. Etter ei tid hadde 15 provinsar erklært sjølvstende frå Qing-styret.
Opprøret kulminerte med at Xuantong-keisaren (betre kjend som Puyi) abdiserte den 12. februar 1912, etter langtrekte forhandlingar mellom rivaliserande keisarlege og republikanske styre basert i høvesvis Beijing og Nanjing. Revolusjonen gjekk over i ein strid om det framtidige styresettet til Kina. To kortvarige gjeninnføringar av monarkiet følgde før det republikanske styret blei endeleg innført.
I Taiwan og blant mange utanlandskinesarar blir Xinhairevolusjonen feira på Dobbel-ti-dagen, 10. oktober.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Xinhairevolusjonen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.