«House of Blue Light»
We Didn't Start the Fire Singel av Billy Joel frå albumet Storm Front | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. september 1989 | |
Innspelt | Juli 1989 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:49, 4:29 (singel) | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Billy Joel | |
Tekstforfattar | Billy Joel | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Mick Jones, Billy Joel | |
Billy Joel-kronologi | ||
«Baby Grand» (1987) | We Didn't Start the Fire | «Leningrad» (1990)
|
«We Didn't Start the Fire» er ein song av Billy Joel frå albumet Storm Front i 1989. Songen vart gjeve ut som den første singelen frå albumet og nådde toppen av singellista i USA. Teksten består av korte, allusjonar til meir enn 100 store hendingar mellom januar 1949 (fødeåret til Joel) og 1989.
Joel fekk ideen til songen då han akkurat hadde runda 40 år. Han var i platestudio og møtte venen Sean Lennon, som nettopp hadde blitt 21 og sa «Det er ei frykteleg tid å bli 21 på!» Joel svarte «Ja, eg hugsar då eg var 21 -- eg tenkte det var ei frykteleg tid og me hadde Vietnam, narkotikaproblem og borgarrettsproblem og alt verka fælt.» Lennon svarte «Ja, ja, ja, men det var annleis for deg. Du var eit barn av 50-åra og alle veit at ingenting skjedde i 50-åra.» Joel svarte, «Vent no litt, har du ikkje høyrt om Koreakrigen eller Suezkrisa?» Joel sa seinare at desse overskriftene danna grunnlaget for songen.
Joel har sagt: «Eg er galen etter historie. Eg sluker bøker. Ein gong ønskte eg å bli historielærar». I følgje mora var han ein bokorm frå han var sju år gammal. I motsetnad til dei fleste songane av Joel, vart teksten skriven før melodien, noko som er opphavet til den noko uvanlege stilen til songen. Songen vart ein enorm salssuksess og den tredje singelen hans som nådde toppen av Billboard-lista. Han vart nominert til Grammyprisen for årets innspeling.
« | Eg hadde runda 40. Det var 1989 og eg sa «Ok, kva har skjedd i livet mitt?» Eg skreiv ned året 1949. Ok, Harry Truman var president. Popsongaren på den tida var Doris Day. Kina vart kommunistisk. Ein annan popsongar var Johnnie Ray. Stort Broadway-show, South Pacific. Journalist, Walter Winchell. Idrettsperson, Joe DiMaggio. Så gjekk eg til 1950 [...]. Det er ein av dei verste melodiane eg har skrive nokon gong, men eg likte teksten. | » |
Joel har blanda kjensler for songen. «Han er eit mareritt å spele live, for om eg bommar på eitt ord, så sporar det av». Han har òg kalla han ein «novelty song» som ikkje «eigentleg definerer meg så godt som songane på albumet, som truleg ikkje blir spelt».
Blender rangerte «We Didn't Start the Fire» på 41. plass på lista deira over dei 50 verste songane nokon gong, ei liste som òg inneheld songar av Paul McCartney og Simon & Garfunkel. Dei rekna produksjonen for bombastisk og sa at songen «minnar om ein tentamensstil skriven kvelden før han måtte leverast inn.»
Ein musikkvideo for singelen vart regissert av Chris Blum, og syner eit mellomklasse-ektepar som har den amerikanske draumen som mål med ein heim, karrièrar og barn. Dette syner seg som stadig oppussing av kjøkenet, frå 40-talsstil og kvart tiår opp til 80-åra. Samstundes ser ein symbol på den urolege tida i samfunnet på 1900-talet (t.d. brenning av BHar og innkallingsordre til militærteneste). Songaren fungerer som ein usynleg observatør.
Det er laga mange parodiar på songen som The Simpsons sin «They'll Never Stop the Simpsons» og acappellagruppa The Richter Scale sin «Here Comes Another Bubble.»
Liste (1989) | Plassering |
---|---|
Australia | 2 |
Austerrike | 7 |
Belgia (Flandern) | 6 |
Canada RPM Top Singles | 2 |
Nederland | 11 |
Tyskland Media Control Charts | 4 |
Irland | 3 |
Japan | 11 |
New Zealand | 5 |
UK Singles Chart | 7 |
U.S. Billboard Hot 100 | 1 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 5 |
U.S. Billboard Mainstream Rock Tracks | 6 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article We Didn't Start the Fire, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.