Warao er eit språk mest brukt i Orinocodeltaet i delstatane Delta Amacuro og Monagas i Venezuela.
Somme brukarar finst også i delstaten Sucre og i Guyana og Surinam. I 1993 var det ca. 23 000 brukarar av språket. Summer Institute of Lingustics reknar språket som eit isolert språk.
Warao | ||
Andre namn | guarao, guarauno, warrau | |
Klassifisering | isolert språk | |
Bruk | ||
Waraotalande i alt | 23 000 | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | wba |
Innanfor waraokulturen kjenner ein fire dialekter, namna på desse er:
Ein kan dele dialektane etter geografiske område som Øvre delta (kokuina, manamo, makareo), Sentrale delta (mariusa winikina, arawabisi) og Nedre delta (merejina, sakupana, ibaruma, arature, amakuro). I Nedre delta har lokalsamfunn nær Det karibiske havet blitt direkte påverka av språk i Trinidad og Tobago og i Guyana.
Omfanget av konsonantar i warao er relativt avgrensa:
Labial | Alveolar | Palatal | Velar | Labio- velar | Glotal | |
---|---|---|---|---|---|---|
Lukkelyd | p | t | k | kw | ||
Frikativ | s | h | ||||
Aproksimant | l | y | w | |||
Nasal | m | n |
Det finst fem opne vokalar /a, e, i, o, u/ og fem nasalerte vokalar /ã, ẽ, ĩ, õ, ũ/.
Ordet på spansk i parentes
Moglege svar:
Ein av dei første som studerte språket var den katolske misjonæren Basilio María de Barral. På sekstitalet gjennomførte den amerikanske lingvisten Henry Osborn formelle studiar av morfologi og fonologi i språket.
Warao språk er del av pensum på skolene i Delta Amacuro.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Warao, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.