Wallace-Linja

Wallace-linja (eller Wallacelinja) er ei grenselinje for fauna som den britiske naturforskaren Alfred Russel Wallace definerte i 1859.

Ho skil den asiatiske økosona frå Wallacea, der Wallacea representerer ei overgangssone mellom Asia og Australia. Vest for Wallace-linja finst organismar knytt til asiatiske artar, aust for linja ei blanding av artar av asiatisk og australsk opphav. Linja er kalla opp etter Alfred Russel Wallace, som la merke til dette klåre skiljet under reisene han gjorde gjennom Malayarkipelet på 1800-talet. Linja går gjennom Indonesia, mellom Borneo og Sulawesi, og gjennom Lomboksundet mellom Bali og Lombok. Avstanden mellom Bali og Lombok er liten, ca. 35 kilometer. Mange fugleartar har distribusjon vest eller aust for linja, sidan mange fuglar ikkje kryssar sjølv dei minste strekningane med ope hav. Nokre flaggermusartar derimot har distribusjonar som kryssar linja, men andre pattedyr er generelt avgrensa til den eine eller den andre sida, eit unntak er apearten krabbemakak. Andre grupper av plantar og dyr viser ulike mønster, men det generelle mønstret er slåande og rimeleg konsistent.

Wallace-Linja
Wallace-linja ligg vest for Wallacea-sona

Flora følgjer ikkje Wallace-linja i same grad som fauna.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Alfred Russel WallaceAsiaAustraliaBaliBorneoFaunaFlaggermusFuglIndonesiaKilometerLombokLomboksundetMalayarkipeletPattedyrSulawesiWallacea

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Spice GirlsSupermannRabagastMeter per sekundMarkusmesseCarl Philip av SverigePortugalNasjonaldraktVevdesignKjærleikÁjos Konstandínos i FthiótidaKrøllalfaO helga nattAliártos-ThespiésEirik BrandsdalSvaleurtMilanoReksteren skuleBergenDet norske flaggetBondelungeSovjetunionenOlivia RodrigoElectrolux AssistentPolenPliktetikkDet norske husAtenBengt FasterauneHaltiLastebilByar i HellasRosenborg slottFolkerepublikken KinaLungebetennelseJon FosseMosesGaysirTamilKalsiumkloridAristotelesAnatomiske retningsskildringarAfrikaEmil i LønnebergetEl NiñoLeikanger kommuneBergen kommuneFridthjov AnderssenI'm Still StandingMaiRamaskrikMaiken Caspersen FallaEto Ne LjubovProvinsar i OmanBrusselIngvild KjerkolFrida KahloLondonFilmserien Harry PotterNazistSoria Moria kinoRakiaElg i solnedgangClement AttleeKapp VerdePer HenriksenHege TunaalStøvsugarJenteItaliensk salatRingdrottenElin SognListe over primtalGeometri🡆 More