Vikkeslekta (Vicia) er ei planteslekt i ertefamilien.
Vikkeslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Underfamilie: | Faboideae |
Stamme: | Fabeae |
Slekt: | Vikkeslekta Vicia L., 1753 |
Vikkeplantane er dekkfrøplantar, og som alle plantar har dei generasjonsveksling. Den grøne planta er den diploide sporofytten, medan den haploide gametofyttgenerasjonen ikkje er sjølvstendig, men sit på spporofytten og får næring frå han.
Blada hjå vikkeplantane er forma som to rader av småblad som sit langs ein akse. Aksen har ofte ei kjelngjetråd i enden. Blomane sit einskildvis eller i klasar på aks som går ut frå bladhjørnet. Larvane hjå somme fivreld- og møllartar kan berre leve på einskilde vikkeartar.
Somme vikkeplantar er mykje brukt som fôr til kvegdyr. Arten Vicia faba, eller hestebønne, vert eten av menneske.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vikkeslekta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.