Linsevikke

Linsevikke (Vicia ervilia) er ein art i erteblomfamilien og blir nytta som matplante.

Linsevikke
Linsevikke
Linsevikke
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Fabeae
Slekt: Vikkeslekta Vicia
Art: Linsevikke V. ervilia
Vitskapleg namn
Vicia ervilia
Willd., 1802

Linsevikke
Linsevikke i den kongelege botaniske hagen i Madrid.

Ville stammar av linsevikke er avgrensa til eit område som omfattar Anatolia og nordlege Irak med ei utviding sørover langs fjella i Libanon. Spor av dei tidlegaste domestiserte tilfella er blitt avdekte frå fleire arkeologiske funnstader i Tyrkia som er tidfesta med ubekrefta karbondatering til dei 7. og 6. tusenåra f.Kr.

Planten var ein av dei åtte grunnplantane i jordbruksrevolusjonen, og har vore viktig for sivilisasjonane rundt Middelhavet. Frukta eignar seg spesielt godt som fôr for sau og storfe.

Blomane er kvite med svake lilla nervetråd-teikningar. Frøa i belgfrukta kan minna om raude linser, og for å eta perlebelgfrøea må desse kokast i fleire omgangar for å fjerna ein elles bitter smak.

På engelsk blir planten kallas for bitter vetch, på arabisk kersannah, spansk yero, gresk rovi og tyrkisk burcak. Næringsverdien frå linsevikke har garantert framleis kultivering i Marokko, Spania og Tyrkia. Planten er enkel å kultivera og hausta, og kan bli dyrka på svært grunn, alkalisk jord. Det er restriksjonar i innførsel av linsevikke til Noreg.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Linsevikke  Commons har multimedium som gjeld: Linsevikke

Tags:

Erteblomfamilien

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

JonsokAmiensNobelprisen i litteraturIndiaDet norske alfabetetMS «Queen Elizabeth 2»Steve StevensBruttonasjonalproduktEngerdal kommuneMuflonGabrielHar SedomHarry PotterLeonard RickhardGlennSomaliregionenChristian Holberg Gran OlsenGodzillaTropisk syklonVaktelHenning MankellSluddPrins Harry, hertug av SussexDet engelske herrelandslaget i fotballAbelkonkurransenBrest i FrankrikePotsdamOrvar-OddBirger EriksenDet nederlandske koloniriketPokljukaOslolosenJulius CæsarStilarkDigital object identifierNedbørSeglvikSteingardar i NoregDag HammarskjöldRundeskattenMarilyn MonroeMargrethe II av DanmarkValhallHilde LyrånNorskBrasilYatzyOkraSogndal kommuneNike, Inc.Voss heradGrosgrainLibanonHilde Louise AsbjørnsenLørenskog kommuneFonetisk alfabetGry HammerKristningGullarsBroen over KwaiIrskBjørnøya2015KvartalSlaget ved SvolderÅl kommuneTønsberg kommuneSpotifyAmerikanske urfolkspråkAllahu akbar1974Flukta frå DyreskogenQawah🡆 More