Velimir Khlebnikov (9.
november">9. november 1885–28. juni 1922), psevdonym for Viktor Vladimirovitsj Khlebnikov, var ein russisk forfattar. Han var ein sentral aktør i den russiske futuristrørsla, med idear som verka vide i europeisk kulturliv i tida etter 1910.
Velimir Khlebnikov | |
Verkeleg namn | Viktor Vladimirovitsj Khlebnikov |
Alias | Velimir Khlebnikov (Велими́р Хле́бников) |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjet-Russland |
Fødd | 28. oktober 1885 Malyje Derbety |
Død | |
Yrke | lyrikar, skribent, skodespelforfattar, prosaforfatter, teiknar |
Språk | russisk |
Medlem av | Supremus, Chairman of the Globe |
Far | Vladimir Khlebnikov |
Nettstad | http://www.hlebnikov.ru |
Velimir Khlebnikov på Commons |
Viktor Vladimirovitsj Khlebnikov var fødd i 1885 i Malye Derbety i Astrakhan guvernement i Tsar-Russland (noverande Kalmykia). Han var av russisk, armensk og zaporozje-kosakkisk avstamming.
Khlebnikov deltok i den mest kjende av dei russiske futuristgruppene, Hylaea. Andre kjende frå Hylaea var Vladimir Majakovskij, Aleksej Krutsjonykh, David Burljuk og Benedikt Livshits. Allereie før futurismen hadde fått oppslutning i Russland hadde han skrive fleire viktige dikt. Mellom sine samtidige vart halden for å vere «poetane sin poet» og eit umerka geni.
Khlebnikov er kjend for dikt som «Trolling gjennom lått», «Bobeobi song leppene», «Grashopparen» (alle 1908-09), «Slangetoget» (1910), prologen til futuristoperaen Siger over sola (1913), dramatiske verk som Dødens feilsteg (1915), prosaarbeidet Ka (1915), og den såkalla «superforteljinga» (сверхповесть) Zangezi, eit slags ekstatisk skodespel, delvis forfatta i kunstspråket zaum.
I si verksemd eksperimenterte Khlebnikov med det russiske språket. Han tok utgangspunkt i røtene til språket og fann opp store mengder nyord, og utforska skilnader i forma og i lydane til enkeltbokstavar i det kyrilliske alfabetet. Saman med Krutsjonykh var han opphavsmann til zaum.
Khlebnikov skreiv futurologiske essays om slike ting som den moglege framveksten av massekommunikasjon ('Radioen frå framtida') og samferdsle og hus ('Oss sjølve og bygningane våre ). Han skildra ei verd der folk lever og reiser rundt i flyttbare glasterningar som kan tilpasse seg skyskraparliknande rammeverk, og der all kunnskap kan spreiast ut over menneskeverda gjennom radio og automatisk framsynast på gigantiske bokliknade skjermar på gatehjørna.
I sine seinare år vart Khlebnikov oppteken av slavisk mytologi og pytagoreisk numerologi, og drog opp lange "Lagnadsplakatar" der han løyste opp historiske tidsrom og datoar og let dei inngå i samspel med tala 2 og 3.
Khlebnikov døydde av slag medan han gjesta venen Pjotr Mituritsj nær Kresttsy.
Småplaneten 3112 Velimir er kalla opp etter han.
Originaltekst av Velimir Khlebnikov ved Wikisource. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Velimir Khlebnikov, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.