Valmuefrø er frø frå opiumsvalmuen (Papaver somniferum).
Dei blir brukt til matlaging, mellom anna i ei rekkje former for bakverk.
Dei er små, nyreforma frø som er mindre enn ein millimeter lange. Ein treng rundt 3 300 frø for å få eit gram. Dei kan vera svarte, blågrå eller kvitlege på farge.
Gamle medisinke tekstar frå ulike oldtidskulturar nemner valmuefrø. Til dømes lister den egyptiske papyrusrullen kjend som Ebers Papyrus, skriven ca. 1550 f.Kr., opp valmuefrø som eit beroligande middel. Den minoiske kulturen (ca. 2700-1450 f.Kr.), ein bronsealderkultur på Kreta, dyrka valmuar for frøa deira, og brukte ei blanding av mjølk, honning og opium til å roa gråtande spebarn. The Også i Sumer er det kjend at dei dyrka valmuefrø.
Valmuefrø blir ofte brukte til baking. Dei kan brukast heile i deigen eller på skorpa. Ein kan også mala dei til ein deig som til dømes kan brukast som fyll eller i sausar. Ein kan også pressa valmueolje frå dei.
Dei farga er mest brukte i europeisk matlaging, medan dei lyse er mest brukte i sørasiatisk mat.
Valmuefrøproduksjon – 2016 | |
---|---|
Land | (tonn) |
Kjelde: FAOSTAT ved SN |
I 2016 blei det produsert 92 610 tonn valmuefrø i verda. Det største produsentlandet var Tsjekkia, som stod for 31 % av verdsproduksjonen, følgd av Tyrkia og Spania.
Frøa til alle valmuar ligg inne i ein stor frøkapsel. Sidan valmuefrø kjem frå same type plante som blir brukt til å laga opium, kan dei innehalda små mengder av dei stoffa som finst i opium, som morfin. Opium blir laga av saft frå frøkapselen. Frøa inneheld noko opiumsstoff sjølv, og kan også ha litt stoff frå safta. Årstida og kor godt frøa er vaska vil påverka kor mykje av stoffet som finst i dei.
Det viktigaste smaksstoffet valmuefrø inneheld er 2-pentylfuran.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Valmuefrø, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.