Opiumsvalmue (Papaver somniferum) er ein art i valmueslekta.
Opiumsvalmue | |
Opiumsvalmue | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Valmuefamilien Papaveraceae |
Underfamilie: | Papaveroideae |
Slekt: | Valmueslekta Papaver |
Art: | Opiumsvalmue P. somniferum |
Vitskapleg namn | |
Papaver somniferum |
Han er ein eittårig plante som kan bli opptil 1,5 m høg. Planten har blågrøne blad og ein stor blome som kan vera raud, blåfiolett eller andre fargar.
Ein kan vinna ut opium frå mjølkesafta til den umogne kapselfrukta. Frøa frå den mogne kapselen blir nytta i matlaging som valmuefrø, eller til å laga valmueolje.
Valmuen høyrer heime i middelhavslanda, men blir også dyrka ei rekkje andre stader. Han er blitt observert veksande fleire stader i Noreg, men blir ikkje rekna for å ha ein reproduserande bestand i landet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Opiumsvalmue, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.