Vólos (gresk skrift Βόλος, osmansk tyrkisk Golos) er ein by og ein kommune i periferieininga Magnisía i Thessalía i Hellas.
Vólos Lokalt namn Βόλος | |
---|---|
Hamnepromenaden i Vólos | |
Geografi | |
Stad | Thessalía |
Koordinatar | 39°22′N 22°56′E / 39.367°N 22.933°E |
Areal | 387,1 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Thessalía Magnisía |
Hovudsete | Vólos (85 803 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 139 670 (2021) |
Folketettleik | 360,8 /km² |
Han ligg 326 km nord for Aten og 215 km sør for Thessaloníki. Han er hovudstad i Magnisía.
Vólos ligg inst i Pagastikósbukta ved foten av fjellet Pílio (landet til kentaurane). Vólos er den einaste hamna i Thessalía, det største jordbruksområdet i landet. Han har i dag om lag 85 000 innbyggjarar og er eit viktig industrisenter, medan hamna er ei knutepunkt mellom Europa, Midtausten og Asia. Vólos er den tredje største hamna i Hellas og har mykje trafikk til dei nærliggande øyane i øygruppa Dei nordlege Sporadane, som inkluderer Skiáthos, Skópelos og Alónnisos. I tillegg er det samband til Límnos, Lésvos, Khíos og Skýros.
Vólos er den nyaste av dei greske hamnebyane med mange moderne bygningar som vart reist etter dei katastrofale jordskjelva i 1955. Økonomien er basert på produksjon, handel, tenester og turisme. Her ligg Thessalía universitet, eit av dei viktigaste i landet.
Den moderne Vólos er bygd i eit område der dei antikke byane Demetrias, Pagasae og Iolkós låg. Demetrias vart grunnlagd av Demetrios Poliorketes, konge av Makedonia Iolkós var heimstaden til helten Jason, som gjekk om bord på skipet Argo i lag med argonautane og segla på leit etter Det gylne skinnet til Kolkhis. Vest for Vólos ligg steinalderbusetnaden Dimini med ruinane av ein akropolis, veggar og to kuppelgraver frå 4000-1200 fvt. Her ligg òg Sesklo med restane av den eldste akropolisen i Hellas (6000 fvt.), i tillegg til grunnmuren av eit palass og herregardar.
I følgje austromerske historikarar var Vólos på 1300-talet kalla Golos. Ein mykje akseptert teori for dette namnet er at Vólos kjem av det mykenske namnet på byen, Iolkós, som er vorte forvrengd gjennom tidene til Golkos, så Golos og til slutt Vólos. Andre hevdar at det kom frå Folos, som i følgje mytologien var ein rik godseigar i området.
Vólos er ein relativt ny by som byrja å vekse på midten av 1800-talet. Etter han vart annektert av Hellas frå Det osmanske riket i 1881 hadde han berre 4 900 innbyggjarar, men voks raskt dei neste 40 åra. Kjøpmenn, forretningsmenn, handverkarar og seglarar flytta til Vólos frå dei omliggande områda. I 1920-åra kom det mange flyktningar til Vólos, særleg frå Jonia, men òg frå Pontos, Kappadokia og Aust-Thráki. I 1920 hadde Vólos 30 046 innbyggjarar, men i 1928 hadde talet vokse til 47 892.
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei ni tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 139 670 innbyggjarar, medan kommunaleininga Vólos hadde 85 803, som alle budde i tettstaden med same namn.
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011 | Folketal 2021 |
---|---|---|---|
Vólos | Vólos | 86 046 | 85 803 |
Néa Ionía | Néa Ionía | 32 661 | 30 688 |
Agriá | Agriá | 5 191 | 4 928 |
Néa Ankhíalos | Néa Ankhíalos | 5 132 | 4 518 |
Dimíni | Esonía | 2 261 | 1 979 |
Káto Lekhónia | Artémida | 1 487 | 1 347 |
Áno Lekhónia | Artémida | 1 068 | 983 |
Anakasiá | Iolkós | 1 012 | 888 |
Álli Meriá | Portariá | 770 | 822 |
Sésklo | Esonía | 862 | 783 |
Melissátika | Néa Ionía | 733 | 632 |
Áno Vólos | Iolkós | 539 | 566 |
Portariá | Portariá | 552 | 488 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vólos, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.