Periferieininga Magnisía (gresk Περιφερειακή ενότητα Μαγνησίας, Periferiakí enótita Magnisías) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía.
Periferieininga Magnisía Περιφερειακή ενότητα Μαγνησίας | |
---|---|
| |
Periferi | Thessalía |
Hovudstad | Vólos |
Folketal | 177 448 (2021) Rangering 10. |
Areal | 2 351 km² |
Folketettleik | 75/km² |
Kommunar | 5 |
Postnummer | 37x xx - 38x xx |
Retningsnummer | 242x0 |
Bilnummer | BO |
Heimeside | www.magnesia.gr |
Hovudstaden i periferieininga er Vólos. Prefekturet Magnisía vart oppretta i 1947 ut av Lárisa prefektur. Om lag 70 % av innbyggjarane bur i storbyområdet rundt Vólos, som er den nest største byen i Thessalía og den tredje travlaste hamnebyen i Hellas.
Tidlegare inkluderte prefekturet Magnisía øyane Skiáthos, Skópelos og Alónnisos i Dei nordlege Sporadane, men frå 2011 er dei skilt utsom ei eiga periferieining, Sporadane.
Grunnstoffa magnesium og mangan, og dessutan omgrepet magnetisme er kalla opp etter Magnisía.
Magnisía grensar til Fthiótida i sørvest, Lárisa i vest og nord og Egearhavet i aust. I nord låg tidlegare den no uttørka Kárlasjøen, omgjeve av jordbruksområde i vest og fjell i aust.
Periferieininga var tidlegare var ein del av Magnisía prefektur saman med Skiáthos, Skópelos og Alónnisos. Frå 2011 har periferieininga dei fem kommunane
Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011 | Folketal 2021 |
---|---|---|---|
Vólos | Vólos | 86 046 | 85 803 |
Néa Ionía | Vólos | 32 661 | 30 688 |
Almyrós | Almyrós | 7 955 | 7 244 |
Agriá | Vólos | 5 191 | 4 928 |
Néa Ankhíalos | Vólos | 5 132 | 4 518 |
Velestíno | Rígas Feréos | 3 044 | 2 922 |
Evxinoúpoli | Almyrós | 2 281 | 2 076 |
Dimíni | Vólos | 2 261 | 1 979 |
Zagorá | Zagorá-Mourési | 2 074 | 1 894 |
Stefanovíkio | Rígas Feréos | 1 970 | 1 468 |
Káto Lekhónia | Vólos | 1 487 | 1 347 |
Soúrpi | Almyrós | 1 457 | 1 295 |
Rizómylos | Rígas Feréos | 1 482 | 1 215 |
Argalastí | Sør-Pílio | 1 321 | 1 173 |
Áno Lekhónia | Vólos | 1 068 | 983 |
Kanália | Rígas Feréos | 1 015 | 893 |
Pteleós | Almyrós | 1 140 | 890 |
Anakasiá | Vólos | 1 012 | 888 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Magnisía, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.