Utica I New York

Utica er ein by i Oneida County i New York i USA.

Byen har 65 283 innbyggjarar (2020) og er administrativt hovudsete (county seat) i Oneida County. Han ligg i Mohawk Valley, eit område kring Mohawkelva, ved foten av Adirondackfjella. Utica er rundt 95 mile (153 kilometer) vest-nordvest for Albany, 55 mile (89 km) aust for Syracuse og 240 mile (386 km) nordvest for New York by. Saman med nabobyen Rome dannar Utica kjerna i storbyområdet Utica–Rome, som omfattar heile Oneida og Herkimer County.

Utica
by
Utica I New York
Genesee Street
Land Utica I New York USA
Stat New York
Fylke Oneida County
Areal 44,066706 km²
Folketal 65 283  (2020)
Tidssone UTC −5

Utica
43°06′03″N 75°13′57″W / 43.100833333333°N 75.2325°W / 43.100833333333; -75.2325
Wiki Commons: Utica, New York

Namn og historie

Utica har namn etter Utica i Tunisia. Mange stader i sentrale New York har namn etter byar og folk frå antikken (Rome, Syracuse, Ithaca, Troy, Homer, Cicero, Ovid og fleire andre). Det var hovudsakleg landmålaren Robert Harpur (1731–1825), som hadde ei klassisk utdanning, som gav mange av desse namna frå antikken til byar i sentrale delar av delstaten.

Utica var opphavleg ein bustad ved elva folkesett av mohawkar, ein nasjon innan Haudenosaunee eller Irokesarføderasjonen. Under og etter den amerikanske revolusjonen kom europeisk-amerikanske nybyggjarar hit frå New England. På 1800-talet bidrog innvandrarar til å gjera han til ein viktig stoppestad på vegen mellom Albany og Syracuse langs Erie- og Chenangokanalen og New York Central Railroad. Dette og det påfølgjande hundreåret gjorde infrastrukturen og plasseringa til byen at han kunne vera eit viktig senter for tekstilindustrien. På midten av 1900-talet gjekk Utica gjennom deindustrialisering, som andre byar i Rustbeltet, med tap av mange arbeidsplassar, fråflytting og økonomisk nedgang. Den låge levekostnaden gjorde byen attraktiv for flyktningar frå mange delar av verda, og dei bidrog til å stoppa nedgangen i folketalet.

Som Ithaca og Syracuse har Utica fleire offentlege og private høgskular og universitet. Det ligg tre statlege og fire private høgskular ligg i storbyområdet Utica–Rome. SUNY Polytechnic Institute har ein campus i North Utica og Marcy med over 2 000 studentar, og er eit av universiteta som gjev doktorgrader for State University of New York (SUNY). Mohawk Valley Community College er den største høgskulen mellom Syracuse og Albany med nær 7 000 studentar, og Empire State College tener både Utica og Rome. Det private, uavhengige universitetet Utica College ligg i byen, og New York-baserte Pratt Institute har ein tilknytt campus her.

Kjente personar med tilknyting til Utica

  • Vaughn Bodé (1941–1975), kunstnar
  • James Joseph (1962–), rullestolcurlingspelar
  • John D. MacDonald (1916–1986), forfattar
  • James S. Sherman (1855–1912), kongressrepresentant og visepresident
  • Friedrich Wilhelm von Steuben (1730–1794), general

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Utica I New York  Commons har multimedium som gjeld: Utica i New York

Tags:

Utica I New York Namn og historieUtica I New York Kjente personar med tilknyting til UticaUtica I New York KjelderUtica I New York BakgrunnsstoffUtica I New YorkAlbany i New YorkDelstaten New YorkNew York bySyracuse i New YorkUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LofotenElg i solnedgangInternasjonalenLewis CapaldiTønsberg kommuneJonsereds Fabrikers ABBedehuset Bethel på JudabergNynorsk WikipediaBjørkefinkKumøkkEiffeltårnetHaikuSoppCullinan-diamantenJerpeIngvild KjerkolTsjetsjeniaSkeiselandskampen Noreg–Sverige 1974Torstein BaeNordfjordeidHans M. BorchgrevinkMånenVoss heradJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughHarald V av NoregHelena BrodtkorbWalesBerlinblokadenHenrik IbsenBlåsjøFlodsvinPintEpiPenHarald EiaMoskva oblastBroccoliniHlíðarfjallSauDet indiske kastesystemetDompapNoahOmanTelekommunikasjonSør-SudanCowboy-LailaDaddelFolkerepublikken KinaDomokósFylkesveg 751BieSjøløverLandsmålJordaTreeiningaJa, vi elsker dette landetIALA maritime bøyesystemMicrosoft WindowsNorges herligsteRekonvalesensKrutAntisemittismeDet australske flaggetMaud av NoregVolda kommuneElizabeth II av StorbritanniaRaudstrupeDonauJenteSigmaMultiplikasjonQawahAustromarriketMonogamiT-banen i Oslo🡆 More