Tynning

Tynning i hagebruk og skogbruk er fjerning av plantar eller plantedelar for å gje betre vekst for dei som er att.

Ein kan til dømes tynna frøplantar som er sådd tettare enn avstanden dei krever for å få god vekst, eller kart av fruktplantar for å sikra kvaliteten og storleiken til frukta.

Tynning
Tynning av eplekart: Utynna grein til venstre, grein etter tynning til høgre.

Ein kan så tett og deretter tynna dersom spireforholda er vanskelege, til dømes om det er fare for åtak frå sjukdom eller insekt i den første veksttida. Metoden er arbeidskrevjande og kostbar og blir stort sett utført manuelt, sjølv om det er utvikla tynnemaskinar. Betre eittfrøsåmaskinar og plantevernmiddel har sammen med overgang til utsetting av oppala plantar redusert behovet for tynning.

Innan fruktdyrking kan ein tynna kjemisk eller manuelt. Tynning er aktuelt i år der trea set for mange kart til å produsera kvalitetsfrukt.

Sjå òg

Kjelder

«tynning» (2. juni 2015) i Store norske leksikon, snl.no.

Tags:

FruktHagebrukSkogbruk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NasjonalrettRoald ØyenThe Ragpicker's DreamFiskebankeLinn UllmannHønsehaukHundre års ensomhetEncyclopædia BritannicaPetter NorthugParisHeaven for EveryoneTorstein Flakne9. oktoberKattaUkrainaEllen NikolaysenStillitsNéa ZíkhniHina Rabbani KharSigmaRussell CroweRichard Wright (1908-1960)Naruhito av JapanLæringsteorien konstruktivismeWilliam ShakespeareHavreYou and Your FriendStord kommuneZazaiskMakedonsk språkDet tredje riketSindikíMarianegropaHåkjerringThe Big BopperBrown Eyed Handsome ManYacouba Isaac ZidaRomanésBolsjevikHarpeFader vårImathíaVM i fotball 2006Galileo GalileiVladimir LeninElizabeth II av StorbritanniaIdar LindNynorsk WikipediaBlackbirdMona LisaBølgjebrytingUBangladeshSjtipSionistEgersundGauderGjærAlfons XIIIEuropaAkupunkturGoogle ChromeGotlandAbbaMaybe BabyKattIltalehtiGulKleopatraDiskografien til QueenPumaSaint LuciaArménioTadsjikistanMarina KiehlCyan🡆 More