Jens Tryggve Herman Gran (20.
januar">20. januar 1888–8. januar 1980) var ein norsk flygar, fotballspelar, polarforskar, og forfattar frå Bergen. Han er i dag særleg kjend for å vere den fyrste som flaug over Nordsjøen, sommaren 1914.
Tryggve Gran | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. januar 1888 Bergen |
Død | |
Yrke | oppdagar, fotballspelar, skribent, flygar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Nasjonal Samling |
Medlem av | Fedrelandslaget |
Ektefelle | Margaret Schønheyder Gran |
Tryggve Gran på Commons |
Gran vart fødd i Bergen, der faren var skipsbyggmeister. 12. juli 1908 i Göteborg var han ytre venstre på det fyrste norske fotballandslaget. Noreg møtte heimelaget Sverige og tapte 3-11. Klubbfotball spela han for Oslo-klubben Mercantile.
Gran var åra 1910-13 med på Scotts sørpolekspedisjon som ski-instruktør. Han var med i den patrulja som vart send ut for å leita etter Robert Falcon Scott og fylgjet hans. Til slutt vart Scott og mennene funne ihelfrosne.
Den 30. juli 1914 flaug Gran som den aller fyrste over Nordsjøen. På ferda trong han fire timar og til minuttar frå Cruden Bay i Skottland til Revtangen ved Orre i Klepp kommune på Jæren med eit Blériot-fly. Hendinga fekk ikkje så stor merksemd, av di fyrste verdskrig braut ut samstundes. Nordsjøflyginga var ei bragd, på line med Louis Blériot si flyging over den engelske kanalen fire år tidlegare. Under verdskrigen deltok Gran som flygar i teneste for Storbritannia, og fekk grad av major.
Gran vart utnemnd til riddar av 2. klasse av St. Olavs Orden i 1915, men leverte utmerknaden tilbake i 1925.
Under andre verdskrigen var Tryggve Gran medlem i Nasjonal Samling. Denne medlemskapen vart utnytta i nazipropagandaen. I 1944 vart det gitt ut eit norsk frimerke, NK 325, til minne om nordsjøflyginga 30 år tidlegare.
I 1971 vart eit minnesmerke over den fyrste Nordsjø-flyginga avduka i Cruden Bay. Også i Klepp kommune er det sett opp eit minnesmerke. Bleriot-flyet som Gran nytta under nordsjøflyginga er del av samlinga til Norsk Teknisk Museum i Oslo.
Gran døydde i Grimstad i 1980.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tryggve Gran, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.