Tom Hilde

Tom Andre Hilde (fødd 22.

september">22. september 1987) er ein norsk skihoppar frå Asker. Han vart norsk meister i normalbakken i 2013 og har vunne fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar med det norske hopplandslaget åra 2007-11. Hilde er medlem i Asker Skiklubb.

Tom Hilde

Tom Hilde

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. september 1987 (36 år)
Bærum kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag

Aktiv skihoppar

Hilde fekk sitt store gjennombrot i hoppbakken i 2008-sesongen. Då vann han to renn i verdscupen, den tredje sigeren i verdscuprenn kom i 2011. Fire gongar i perioden 2007-11 har han vore med å vinne sølvmedaljar for Noreg i lagtevlingar under verdsmeisterskapane, han var og med i kvartetten som vann bronsemedaljar under Vinter-OL 2010. Også i lagtvlinga under skiflygings-VM 2008 var han med å vinne bronsemedaljar. Femteplassen i normalbakken i VM 2011 er hans beste individuelle plassering i internasjonale meisterskap. Han vart nummer tre i den tysk-austerrikske hoppveka 2010/11. Vinteren 2013 kneip han gullmedaljen i noregsmeisterskapen i normalbakken i Rena, framom Anders Fannemel.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap

  • VM 2007 Sapporo: Nr 12 i storbakken. Med på laget som tok sølv, saman med Roar Ljøkelsøy, Anders Bardal og Anders Jacobsen.
  • VM 2009 Liberec: Nr 16 i normalbakken. Med på laget som tok sølv, saman med Anders Bardal, Johan Remen Evensen og Anders Jacobsen.
  • OL 2010 Vancouver: Nr 11 og 12 i dei to renna. Med på bronselaget, som bestod av dei same fire som i VM året før.
  • VM 2011 Oslo: Nr 5 i normalbakken og 10 i storbakken. Han var saman med Anders Bardal og Anders Jacobsen med på begge sølvlaga. Bjørn Einar Romøren var den fjerde på laget i normalbakken. I storbakken var Johan Remen Evensen den fjerde norske hopparen.

Besteplasseringar i internasjonale renn

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Kjelde

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Tags:

Tom Hilde Aktiv skihopparTom Hilde KjeldeTom Hilde198722. septemberAskerAsker Skiklubb

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TiulenijKnut Marius DjupvikKristin SkogheimEirik BrandsdalIKEASylvi ListhaugNanoteknologiGrevinnen og hovmesterenIALA maritime bøyesystemZaniar MatapourLastebilGalileo GalileiAtle HansenStorfuglTraktorJa, vi elsker dette landetOrrfuglElektronikkKyprosStore norske leksikonMagnus HirschfeldWikiDei sameinte arabiske emirataBodø kommuneHeradAndre verdskrigen2016SupermannRomandieVår StaudeGediminas KirkilasChristianiaAnne Lise GjøstølVolda kommuneBadehusDanskSkeiselandskampen Noreg–Sverige 1974Engelsk2002Samuel MassieBieEpiPenSyriaInformasjonskapselRabagastMaliFenresulvenMartha SkrettebergSpeleautomatSørlandetBlandingToyota Motor CorporationTalordSigmaPelle PolitibilBitcoin26. aprilSaruq i OmanSkytjeUN-nummerNynorskKaptein SabeltannDag HammarskjöldSvartedauenPortugalFolkerepublikken KinaVoss heradØrnPetronella BarkerDen muslimske verdaVardø kommuneTorsdagTsjekkiaSamisk kulturUsbekistan🡆 More