Thiruvananthapuram (tidlegare kalla Trivandrum) er hovudstad i den indiske delstaten Kerala og administrasjonssentrum i Thiruvananthapuram distrikt.
Byen ligger heilt sør i Kerala, på sørvestkysten av India, og rundt 8 mil nordvest for sørspissen av India.
Thiruvananthapuram | |||
Malayalam: തിരുവനന്തപുരം, Trivandrum | |||
by | |||
Utsyn mot Keralas lovgivende forsamling i Thiruvananthapuram | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Delstat | Kerala | ||
Distrikt | Thiruvananthapuram | ||
Koordinatar | 8°29′15″N 76°57′07″E / 8.4874°N 76.952°E | ||
Areal | 141,74 km² | ||
Folketal | 744 739 (2001) | ||
Thiruvananthapuram 8°29′15″N 76°57′09″E / 8.4875°N 76.9525°E | |||
Wiki Commons: Thiruvananthapuram | |||
Byen hadde 752 490 innbyggjarar ved folketeljinga i 2011, 1 687 406 om ein reknar med forstader. Det mest utbreidde språket her er malayalam, som i resten av Kerala.
Namnet «thiru-anantha-puram» tyder 'byen til Anantha' og viser til gudefiguren i Padmanabhaswamytempelet som ligg sentralt i byen. Tempelet er rundt 2 000 år gammalt. Byen blei gjort til hovudstad av kong Marthandavarma i 1729, og var hovudstad i Travancore frå 1745. Då Kerala blei eigen delstat i 1956 var byen eit naturleg val som delstatshovudstad. Han er erkebispesete både for den katolske kyrkja og den syro-malankariske kyrkja, som har eksistert i Kerala i fleire hundre år.
Byen blei kalla «Trivandrum» av britane, som var aktive i byen sjølv om kongeriket aldri var direkte underlagt det britiske imperiet. I 1991 blei namnet offisielt bytta tilbake til malayalamnamnet Thiruvananthapuram.
Byen huser fleire statlege bygg, kontor, organisasjonar og verksemder. Thiruvananthapuram er også eit akademisk sentrum med fleire høgare utdanningsinstitusjonar som Universitet i Kerala frå 1933, Vikram Sarabhai Space Centre (VSSC), Technopark og Det indiske instituttet for romvitenskap og teknologi (IIST). I tillegg finst fleire museum, ein botanisk hage og ein dyrehage.
Thiruvananthapuram er også ein viktig hamneby med kystfiske og handel. Det blir mellom anna utført kopra og titanjernstein herfrå. Det finst også ein bomulls- og silkeindustri.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Thiruvananthapuram, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.