Tempest Av Bob Dylan

Tempest
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 10. september 2012
Innspelt Januar til mars 2012
Studio Groove Masters Studios i Santa Monica i California
Sjanger Folk, folkrock
Lengd 1:08:31
Selskap Columbia
Produsent Bob Dylan
Bob Dylan-kronologi 
In Concert – Brandeis University 1963
(2011)
Tempest The 50th Anniversary Collection
(2012)

Singlar frå Tempest
  1. «Duquesne Whistle»
    Utgjeve: 28. august 2012

Tempest er det 35. studioalbumet til den amerikanske visesongaren Bob Dylan, og kom ut 10. september 2012 på Columbia Records.

Albumet vart spelt inn i Jackson Browne sitt Groove Masters Studios i Santa Monica i California. Dylan skreiv alle songane sjølv med unntak av opningssporet, «Duquesne Whistle», som han skreiv i lag med Robert Hunter frå Grateful Dead.

Tempest fekk god respons frå kritikarane, som hylla påverknaden frå tradisjonell musikk og dei mørke tekstane til Dylan. Albumet nådde tredjeplassen på Billboard 200. I Noreg gjekk albumet heilt til topps på VG-lista. Det er så langt det siste albumet med nye Bob Dylan-songar.

Komposisjon

Rolling Stone rapporterte at den fjorten minuttar lange «Tempest» handlar om RMS «Titanic» og inneheld referansar til James Cameron-filmen Titanic (1997). I lag med tittelsporet, inneheld albumet fem songar som er meir enn sju minuttar lange.

Songen «Roll on John» er ei hyllest til John Lennon, med referansar til somme av songane hans som The Beatles sine «Come Together» og «A Day in the Life».

Sjølv om det så langt er det siste albumet hans med originale songar, sa Dylan seinare: «Det siste stykket til Shakespeare heitte The Tempest. Det var ikkje berre kalla Tempest. Namnet på plata mi er berre Tempest. Det er to forskjellige titlar.» Dylan har likevel ikkje gjeve ut nye songar sidan den gongen.

Utgjeving

Tempest kom ut 10. september 2012 i Storbritannia og 11. september i USA. Det vart annonsert den 17. juli 2012 gjennom ei pressemelding på den offisielle nettsida hans. Plata kom ut på både CD og vinyl, og kunne lastast ned digitalt på nettbutikkar. Om ein førehandstinga albumet var det forskjellige variantar tilgjengeleg frå nettsida til Dylan, som ein kombinert CD/MP3-nedlasting av albumet, ei vinylutgåve, og to CD/LP-pakkar inkludert Dylan si signaturutgåve av eit Hohner-munnspel i forskjellige toneartar og ein eksklusiv 11" x 17" plakat. Ein del av «Early Roman Kings» vart nytta i ein Cinemax-reklame for TV-serien Strike Back: Vengeance og «Scarlet Town» vart nytta under rulleteksten av dei to første episodane, som begge vart sende 17. august 2012. «Duquesne Whistle», skriven av Dylan og Robert Hunter, vart gjeven ut på singel, i lag med ein musikkvideo. Videoen vart regissert av Nash Edgerton, som hadde regissert videoar for forskjellige Dylan-songar. Rolling Stone skreiv at videoen «først verkar som ein Charlie Chaplin-inspirert komedie», men som så tar «ei sjokkerande mørk vending».

Mottaking

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic83/100
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicTempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan 
American SongwriterTempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan 
Chicago TribuneTempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan 
Drowned in Sound9/10
Entertainment WeeklyA
MagnetTempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan 
MojoTempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan 
Paste9/10
Pitchfork Media6.8/10
Rolling StoneTempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan 
Tiny Mix TapesTempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan Tempest Av Bob Dylan 
Uncut10/10

Tempest fekk god omtale då det kom ut. På Metacritic, som gjev platene ei normalisert poengsum opp til 100 basert på ei rekkje meldingar, har albumet ein score på 83, som indikerer at albumet er særs godt likt, basert på 31 meldingar. Albumet vert ofte rekna, i lag med «comebackalbumet» frå 1997, Time Out of Mind, "Love and Theft" frå 2001 og Modern Times frå 2006, som ein del av ei rekkje kritikarroste album i den seine delen av Dylankatalogen. Somme meinte at dette albumet var betre enn dei tre andre albuma, som Mojo Magazine som i meldinga si av Tempest skreiv «Tempest er det musikalsk beste Dylan-albumet dette hundreåret, ei levande maksimalisering av strenge reglar og villdyr-tilstanden til den røysta.» Ribofalvin i Tiny Mix Tapes meinte at «Den episke skalaen og stordomen til Tempest får dei siste par albuma hans til å sjå ut som noveller som leiar fram til ein stor roman.» Rob Brunner skreiv for Entertainment Weekly at «35 album inn er Dylan like magisk og mystisk som alltid.»

I meldinga si for Rolling Stone gav Will Hermes albumet fem av fem stjerner og kalla det «musikalsk variert og fullt av skruballar» og «det mørkaste albumet i katalogen til Dylan.» I følgje Hermes baserer albumet seg på element som var vanlege gjennom karrieren til Dylan - særleg dei tre siste albuma - med musikk som er «bygd frå tradisjonelle former og trekkjer mot evigvarande tema: kjæreleik, kamp, død».

Mange kritikarar hylla dei mørke tekstane og røtene dei hadde i «Old Weird America». David Edward skreiv om dette i meldinga si for Drowned in Sound: «Det som held Tempest saman er den hypnotiske nøkkelen til sjarmen sin. Komprimert saman, utstråler samlinga ein mørk straum og ei løynd, farleg djupne.» På same vis meinte magasinet Magnet at på Tempest «var Dylan aldri meir tilsikta eller så openberr vill.»

Andre meinte albumet var overvurdert. I meldinga si for The Guardian gav Alexis Petridis albumet fire av fem stjerner, men brukte ikkje like mange superlativ som andre kritikarar som samanlikna Tempest med dei beste albuma til Dylan. I meldinga si for MSN Music gav Robert Christgau albumet ein «B+» og klaga på «autohype-maskinen» og korleis somme kritikarar var altfor positive. Christgau var heller ikkje imponert over tittelsporet eller avslutningsnummeret, som «siktar høgare med tvilsam til skammeleg resultat.»

Rolling Stone kåra albumet til det fjerde beste i 2012. Magasinet kåra òg songen «Pay in Blood» til den niande beste songen i 2012. Albumet vart rangert som det sjuande beste i kritikarundersøkinga til The Wire.

Innhald

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Duquesne Whistle»Dylan, Robert Hunter5:43
2.«Soon After Midnight» 3:27
3.«Narrow Way» 7:28
4.«Long and Wasted Years» 3:46
5.«Pay in Blood» 5:09
6.«Scarlet Town» 7:17
7.«Early Roman Kings» 5:16
8.«Tin Angel» 9:05
9.«Tempest» 13:54
10.«Roll on John» 7:25
Total lengd:1:08:31

Medverkande

    Andre medverkande
    Teknisk personell
  • William Claxton – fotografi på baksida
  • Scott Litt – lydteknikar, innspeling, miksing
  • Dana Nielsen – innspeling, miksing
  • John Shearer – fotografi i omslaget
  • Coco Shinomiya – design
  • Shutterstock / A. Längauer – fotografi på framsida
  • Albert Watson – fotografi i omslaget

Salslister

Album

Liste (2012) Plassering
Den australske albumlista 8
Den austerrikske albumlista 1
Den belgiske albumlista (Flandern) 2
Den kroatiske albumlista 1
Den nederlandske albumlista 1
Den finske albumlista 3
Den irske albumlista 2
Den italienske albumlista 2
Den newzealandske albumlista 2
Den norske VG-lista 1
Den polske albumlista 9
Den spanske albumlista 2
Den svenske albumlista 1
Den sveitsiske albumlista 2
UK Albums Chart 3
US Billboard 200 3

Årslister

Liste (2012) Plassering
Den belgiske albumlista (Flandern) 51
Den nederlandske albumlista 32
Den svenske albumlista 31

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike) Gull 10 000x
Sverige (GLF) Gull 20 000^
Storbritannia (BPI) Sølv 60 000^
USA (RIAA) N/A 274,000

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder


Føregangar
Privateering
Mark Knopfler
Toppen av VG-lista
Bob Dylan

2 veker, veke 37–38, 2012
Etterfylgjar
Kors på halsen - ti kniver i hjertet - mor og far i døden
Karpe Diem

Tags:

Tempest Av Bob Dylan KomposisjonTempest Av Bob Dylan UtgjevingTempest Av Bob Dylan MottakingTempest Av Bob Dylan InnhaldTempest Av Bob Dylan MedverkandeTempest Av Bob Dylan SalslisterTempest Av Bob Dylan KjelderTempest Av Bob Dylan

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ÁgrafaProfessor emeritusUtviklinga av traktorenEM i fotball 1992MuhammedTidslinje over norsk historieØVår StaudeSauTrikken i BergenOrRagnvald BrusessonMacawiisKnut T. StorbukåsSteinerskularUkrainsk matYosef Wolde-Mariam2006Mari BoineGustav VI Adolf av SverigeKlimaBjørnøyaTalordRoald AmundsenRegjeringa Stoltenberg IIHarald EiaCarina DahlAnusPjotr Iljitsj TsjaikovskijGro Harlem BrundtlandProgrammeringsspråket JavaStortinget T-banestasjonOperativsystemGoMediaWikiOddmund Løkensgard HoelSildSjællandToscakakeWikiGry HammerJehovas vitnePeriferieininga ÉvviaSøppelGrønlandKirkeristenUSADag HammarskjöldSanta Claus av Paul McCarthyDemenskoretRhinenLangfredagKapitalismeOle PausLagerthaOle Asbjørn NessTokyoDanningAitikgruvaSanta Cruz de TenerifeJomfruOsloFurieBlåmannBobby Brown Goes DownBlåbærDet indiske kastesystemetMusikkgruppa GåteInformasjonskapselJapanskBoliviaVoilà av Barbara PraviEdderkoppar i kulturen🡆 More