A Day In The Life

A Day in the Life
Singel av The Beatles
frå albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band
Språk engelsk
Utgjeve 26. mai 1967
Innspelt 19–20. januar 1967; 3., 10. og 22. februar 1967, EMI Studios, London
Sjanger Kunstrock, psychedelic rock
Lengd 5:35
Selskap Parlophone, Capitol
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«Back in the U.S.S.R.»
(UK-1976)

«Ob-La-Di, Ob-La-Da»
(US-1976)
A Day in the Life «Beatles Movie Medley»
(1982)

I read the news today oh boy
About a lucky man who made the grade
And though the news was rather sad
Well I just had to laugh
I saw the photograph

John Lennon

«A Day in the Life» er ein song av The Beatles, skriven av John Lennon og Paul McCartney og først gjeve ut som siste spor på albumet deira Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band frå 1967. Songen består av delar som opphavleg vart skriven av Lennon og McCartney kvar for seg, to disharmoniske, delvis improviserte orkestercrescendo og ein siste lang pianoakkord. Teksten til Lennon var inspirert av nyhendeartiklar i avisa på den tida, medan McCartney sine var inspirert av minne frå han var yngre. Avgjersla om å blande inn to orkesterparti vart først teke etter at bandet hadde spelt inn sine delar.

Den påståtte referansen til narkotika i linja «I’d love to turn you on», førte til at songen først vart bannlyst av BBC. Songen er med på mange lister og avstemmingar over dei størte og viktigaste songane gjennom tidene. Til dømes er han på 28. plass på Rolling Stone si liste over dei 500 største songane gjennom tidene. Etter utgjevinga på albumet, har han òg kome ut som B-side på singel, på mange samlealbum og har vorte spelt inn av fleire andre artistar, som Bobby Darin, Neil Young, Jeff Beck og The Bee Gees.

Tekst

Delar av teksten var inspirert av ei trafikkulukke der Tara Browne, ein 21 år gammal arving til Guinness og nær ven av Lennon og McCartney, omkom. Lennon omtalar dette i fleire intervju, medan George Martin hevdar at det meste var dopreferansar.

Innspeling

The Beatles starta innspelinga av songen med arbeidstittelen «In the Life of...» den 19. januar 1967 etter å ha spelt inn «Strawberry Fields Forever» og «Penny Lane» vekene før. Dei to delane av songen er fråskilde med eit 24 taktar langt mellomspel. I starten var ikkje The Beatles sikre på korleis dei skulle fylle denne overgangen. Først hadde dei assistenten Mal Evans til å telje taktane høgt, og for kvart tal sette dei meir og meir ekko på. I det andre mellomspelet nytta dei lyden av ei alarmklokke, som det var meininga dei skulle redigere bort. Dette utfylte derimot stykket til McCartney bra, den første tekstlinja til McCartney var til dømes «Woke up, fell out of bed», så dei valde å ha med lyden av klokka.

Etter kvart som dei starta å mikse og legge på fleire partar til songen i slutten av januar og tidleg februar hadde dei framleis ikkje noko løysing for kva dei skulle gjere med mellomspela, då McCartney kom med ideen om å ta inn eit fullt orkester til å fylle tomrommet. Martin var uroa over at dei klassisk lærde musikarane ikkje ville klare å improvisere mellomspelet, så han skreiv nokre enkle notar, som dei kunne improvisere over. Mellomspelet vart eit atonalt crescendo.

Orkesterbiten vart spelt inn 10. februar 1967 med McCartney og Martin til å dirigere det 40 mann store orkesteret. Innspelinga kosta totalt £367, som var ei særs høg sum i dei dagar. Musikaren fekk beskjed om å starte på den lågaste tonen som var mogeleg å instrumentet sitt, og slutte på den høgaste tonen som var mogeleg. McCartney ønskte opphavleg eit 90 mann stort orkester, men dette viste seg å verte umogeleg. I staden vart fire forskjellige opptak av mellomspelet lagt oppå kvarandre. Resultatet vart ein suksess og mellomspelet vart så repetert etter det siste verset. Totalt tok innspelinga av mellomspelet 34 timar å få gjennomført. Til samanlikning vart det første Beatles-albumet, Please Please Me, i sin heilskap spelt inn på berre 10 timar.

Ettermæle

«A Day in the Life» har vist seg som ein av dei viktigaste songane til The Beatles. Paul Grushkin kalla i boka si Rockin’ Down the Highway: The Cars and People That Made Rock Roll songen «ein dei mest ambisiøse, viktigaste og banebrytande songane i historia til popmusikken». I From Craft to Art: Formal Structure in the Music of the Beatles er songen skildra som «kanskje det viktigaste enkeltsporet i rocken si historie. Med ei lengd på berre fire munitt og 45 sekund, må han garantert vere den kortaste episke stykke musikk i rock».

Songen har dukka opp på mange lister over dei beste og viktigaste songane. Han kom på 12. plass på CBC si liste «50 Tracks». Han kom på førsteplass på musikkmagasinet Q si liste over dei 50 største britiske songane gjennom tidene, og øvst på lista til Mojo over dei 101 største Beatles-songane.

27. august 1992 vart den originale handskrivne teksten til Lennon seld på ein auksjon på Sotheby’s i London for $100 000. I 2006 vart tekste seld vidare på Bonhams i New York. Det er ukjend kva teksten vart seld for, men boda starta på om lag $2 millionar.

Andre versjonar og referansar

«A Day in the Life» er spelt inn og referert til av mange andre artistar. Av artistar som har spelt songen inn eller på konsertar finn ein Wes Montgomery, Phish, Mae, Grant Green, Carl Barat og Pete Doherty, Sting, Type O Negative, Neil Young, Eric Burdon & War,

Referansar til songen finn ein hos Devo i songen «Some Things Never Change» frå 1988 og David Bowie sin «Young Americans» frå albumet med same namn i 1975, der han syng linja «I saw the news today, oh boy».

Medverkande

The Beatles

    Produksjon
    Arrangement
  • Orkestrert George Martin
  • Dirigert av George Martin (med Paul McCartney)
    Andre musikarar
  • Mal Evans – alarmklokke, oppteljing, piano (siste akkord)
  • John Marson – harpe
  • Erich Gruenberg, Granville Jones, Bill Monro, Jurgen Hess, Hans Geiger, D. Bradley, Lionel Bentley, David McCallum, Donald Weekes, Henry Datyner, Sidney Sax, Ernest Scott, Carlos Villa – fiolin
  • John Underwood, Gwynne Edwards, Bernard Davis, John Meek – bratsj
  • Francisco Gabarro, Dennis Vigay, Alan Delziel, Alex Nifosi – cello
  • Cyril Mac Arther, Gordon Pearce – kontrabass
  • Roger Lord – obo
  • Basil Tschaikov, Jack Brymer – klarinett
  • N. Fawcett, Alfred Waters – fagott
  • Clifford Seville, David Sandeman – fløyte
  • Alan Civil, Neil Sanders – valthorn
  • David Mason, Monty Montgomery, Harold Jackson – trompet
  • Raymond Brown, Raymond Premru, T. Moore – trombone
  • Michael Barnes – tuba
  • Tristan Frypauker
  • Marijke Koger – tamburin


Bakgrunnsstoff

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

A Day In The Life TekstA Day In The Life InnspelingA Day In The Life EttermæleA Day In The Life Andre versjonar og referansarA Day In The Life MedverkandeA Day In The Life BakgrunnsstoffA Day In The Life KjelderA Day In The Life BakgrunnsstoffA Day In The Life

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PeruSkjæltorsdagTorremolinosSion27. marsDansHarry PotterHelena BrodtkorbToyota Motor CorporationArtemis1455Robbie WilliamsNATOPokljukaNazismeOrByar i HellasKalkulusLatinKon-Tiki-ekspedisjonenSurinamHarald EiaBenito MussoliniAnne B. RagdeSjøfartFloyd CramerTerroråtaka 11. september 2001Il Tempo GiganteWikisourceHauge i DalaneKarl X av FrankrikeBodø kommuneSS LazioVestfold fylke2016Heine T. BakkeidGrodagenBirger EriksenNord-KyprosUSANorsk SoloSiamFirkantfolket2019BreiflabbPeter Wessel TordenskjoldTysklandKongo-BrazzavilleLikning i matematikkAstatVårjamdøgnTransnistriaVM i skiskyting 2021GmailTsjetsjeniaLionel MessiOkhotskhavetDet norske alfabetetFilippo TuratiVerdas språk etter utbreiingManchester CityGolden GlobeGeorg Wilhelm Friedrich HegelRudolf BlodstrupmoenNordland fylkeRusslandCecilia Payne-GaposchkinTiticacaLibanonLagerthaCosta RicaStrilelandetVillepleSnømyrkreOtto JespersenUrfolk i USA🡆 More