In My Life

«In My Life» er ein song av The Beatles gjeven ut i 1965 på albumet Rubber Soul, hovudsakleg skriven av John Lennon og tilskriven Lennon–McCartney.

In My Life
Song av The Beatles
frå albumet Rubber Soul
Utgjeve 3. desember 1965
Innspelt 18. og 22. oktober 1965, EMI Studios, London
Sjanger
Lengd 2:28
Selskap Parlophone
Komponist Paul McCartney, John Lennon
Tekstforfattar Paul McCartney, John Lennon
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

George Martin skreiv pianosoloen i mellomspelet. Songen er rangert på 23. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene og femteplassen på lista deira over dei 100 beste Beatles-songane. Mojo kåra songen til den beste gjennom tidene i 2000.

Komposisjon

I følgje Lennon kan opphavet til songen sporast attende til då den engelske journalist Kenneth Allsop kom med ein merknad om at Lennon burde skrive songar om barndomen sin. Etter dette skreiv Lennon eit langt dikt om minner frå barndomen. Den originale versjonen av teksten er basert på ei bussrute han pleidde å ta i Liverpool, og namngav fleire stader langs vegen, som Penny Lane og Strawberry Field. Den originale teksten er på utstilling på The British Library.


Men Lennon meinte han var «latterleg» og kalla han «den mest keisame 'Kva eg gjorde i ferien min'-type song». Han arbeidde for å skrive om teksten og erstatta spesifikke minne med meir generelle tankar om fortida. Berre få linjer av originalen er med i den ferdige songen. I følgje venen og biografen til Lennon, Peter Shotton, syner linjene «Some [friends] are dead and some are living/In my life I've loved them all» til Stuart Sutcliffe (som døydde i 1962) og til Shotton.

I eit intervju frå 1980 kalla Lennon songen «den første verkelege songen» han hadde skrive, fordi det var første gongen han skreiv ein personleg tekst om livet sitt.

Innspeling

Songen vart spelt inn 18. oktober 1965, og var ferdig utanom det instrumentale mellomspelet. På denne tida hadde ikkje Lennon avgjort kva instrument han skulle bruke, men bad til slutt George Martin om å spele ein pianosolo, og føreslo «noko barokk-aktig. Martin skreiv ein Bach-liknande stykket han fann ut han ikkje klarte å spele i tempoet til songen. Den 22. oktober vart soloen spelt in med lydbandet på halv snøggleik, slik at når det vart spelt av med normal snøggleik, så gjekk pianoet dobbelt så fort og ein oktav høgare. Dette skapte òg ein unik klang, som minna om ein cembalo.

Medverkande

    Personell per Ian MacDonald

Andre versjonar

  • Judy Collins spelte inn songen som tittelsporet på hitalbumet sitt frå 1966.
  • John Denver spelte inn songen i 1966 på demoalbumet sitt John Denver Sings.
  • José Feliciano spelte inn ein versjon av songen i 1968 for Feliciano!.
  • Siw Malmkvist spelte inn ein svensk versjon, «I mitt liv» (1970), på albumet hennar Underbara Siw, som vann ein svensk Grammis det året.
  • George Harrison spelte ein soul-aktig versjon av songen på Dark Horse-turneen i 1974. Billy Preston spelte då ein hammondorgel-solo.
  • Rod Stewart spelte inn ein versjon i 1986 for albumet Every Beat of My Heart.
  • Bette Midler spelte inn ein versjon i 1991. Denne kom ut på singel tidleg i 1992 frå filmen For the Boys. Songen nådde då 20. plassen på Billboard si Adult Contemporary-liste i USA.
  • Kids Incorporated spelte inn songen i 1993 i episoden «Taking A Stand» i sesong ni.
  • Chantal Kreviazuk sin versjon vart nytta som kjenningsmelodi i serien Providence.
  • Johnny Cash spelte inn songen in 2002 for albumet sitt American IV.
  • The Seekers spelte inn songen i 2012 på albumet Golden Jubilee.
  • Charice spelte inn songen i 2009 for albumet hennar My Inspiration.
  • Det newzealandsk-australske bandet Dragon spelte inn songen på albumet sitt It's All Too Beautiful (2011).
  • MonaLisa Twins spelte inn songen i 2014 på albumet sitt MonaLisa Twins Play Beatles & More.
  • Ozzy Osbourne spelte inn songen i plateboksen Prince of Darkness.
  • Darren Criss, Samuel Larsen, Jenna Ushkowitz, Damian McGinty, Vanessa Lengies, Kevin McHale og Chord Overstreet spelte songen i finalen av sesong tre av Glee.
  • George Martin produserte ein versjon i 1998 på albumet sitt In My Life, fortalt av Sean Connery.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

In My Life KomposisjonIn My Life InnspelingIn My Life MedverkandeIn My Life Andre versjonarIn My Life KjelderIn My Life BakgrunnsstoffIn My LifeGeorge MartinJohn LennonLennon–McCartneyMagasinet MojoRolling StoneRubber SoulThe Beatles

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Jonas LieOttomanStig ClaessonGeorg II av StorbritanniaVetle SkagastølstindSnøfte SmithPower av KansasBorgarskapClaudio MonteverdiAtanas TarevBærum SportsklubbDen gamle verdaBrexitJordskorpeplateCharcot CoveÆrfuglEurekaNaheNoregKapitalismeSoldatBarry HayOrganistSkrikSudanBjørnJofamilienLitauenJump bluesJomfru MariaFrozenVassildLinn UllmannManuel Isidoro BelzuPalestinamandatetChina Central TelevisionDen julianske kalenderenHave You Ever Seen the Rain?Der ingen skulle tru at nokon kunne buMontserrat CaballéRokadeSnow White and the Seven DwarfsRussiske marinefartøy i aktiv tenesteKaspihavetUigurarSutrasFilippinaneFjodor TerentjevIranMånefestFabian RießleÉtangHjortetakksaltDickey BettsKronografSmash!WikimediaLerkBritisk bluesFranskIngrid Bolsø BerdalISBNFiskereiskaparBruno CoutinhoKaptein SabeltannAdei AdVM i skiskyting 1999MiddelhavetParadise and LunchOxfamSilje NordnesMitoseFilmen EllingNorskDen gregorianske kalenderen🡆 More