Tajmyrhalvøya (russisk Таймырский полуостров, Tajmyrskij poluostrov) er ei halvøy i Sibir i Russland.
På Tajmyrhalvøya ligg det nordlegaste punktet på det asiatiske fastlandet. Halvøya stikk ut i Nordishavet, og skil havarmane Karahavet i vest frå Laptevhavet i aust. Høgste punktet på halvøya ligg i Byrrangafjella, som når opp til 1146 meter over havet. Administrativt høyrer halvøya til territoriet Krasnojarsk kraj. Halvøya er svært spreidd busett. Dei opphavlege ibuarane var sibirske urfolk, til dømes dolganar og nenetsar. Russarane kom først til området på 1500-talet. Dei største busetjingane er Dudinka og Norilsk.
Tajmyrhalvøya | |||
halvøy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Tajmyrhalvøya 75°21′40″N 107°41′41″E / 75.361111111111°N 107.69472222222°E | |||
Wiki Commons: Taymyr Peninsula | |||
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tajmyrhalvøya, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.