Suite (fransk 'rekkje', også Partita) er ei samanstilling av musikkstykke med og utan dansekarakter.
Suiten er den tidlegaste typen musikkstykke med fleire satsar i europeisk instrumentalmusikk, og hadde ei stordomstid hjå Johann Sebastian Bach.
Døme på ein suite: Partita for cembalo nr. 6 i e-moll BWV 830 av Bach.
|
Suiten er ei form som særleg vart brukt i barokken. Normalt er alle satsane i same toneart. Dei er sånn sett saman at dei dannar kontraster - først ein langsam, så ein hurtig dans og så bortetter. Vanlege kombinasjonar er allemande (langsam) - courante (hurtig) - sarabande (langsam) - gigue (hurtig). Mellom desse satsane kan stykke av ulik karakter vere plassert.
Seinare blei «suite» brukt om fleire syklusar sett saman av mindre stykke, til dømes av scenemusikk sett saman for konsertoppførring. Særleg i romantikken blei utdrag av scenemusikk skrivne til eit skuespel kalla suite.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Suite, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.