Eit cembalo er eit tangentinstrument med strengar, der ljoden vert laga av små plekter som knipsar strengane.
Cembaloet var saman med klavikordet det vanlegaste tangentinstrumentet frå om lag 1450 til 1750, då hammarklaveret kom.
Cembalo | |||
| |||
Klassifisering | tangentinstrument, klimpreinstrument, verkelege bordsiterar med resonanskasse, Q1740992 | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 314.122-6-8 |
I motsetnad til på eit hammarklaver (piano), kan ein ikkje endra ljodstyrken stort med anslaget. Derimot har mange instrument meir enn eitt sett strengar (register), som cembalisten kan kopla inn og ut med registertrekk. Ofte er eitt av registera stemd éin oktav høgare enn dei andre (4-fot), og dei største instrumenta har somme tider 16-fotsregister, stemd éin oktav lågare. Som på eit kyrkjeorgel har store instrument ofte to tangentrekkjer (manual).
Cembalo frå slutten av 1700-talet kan òg ha pedalstyrt svellverk for crescendo- og decrescendo-effektar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Cembalo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.