Stanegate

Stanegate (tyder 'steinveg' på northumbriansk engelsk) var ein viktig romarveg som blei bygd i det som i dag er Nord-England.

Han knytte saman mange festningar, mellom anna to som vakta over viktige elvekryssestader: Corstopitum (Corbridge) ved Tyne i aust, som låg på Dere Street, og Luguvalium (Carlisle) ved Eden i vest. Stanegate gjekk gjennom dei naturlege opningane danna av elvedalane til Tyne i Northumberland og Irthing i Cumbria. Han er fleire tiår eldre enn Hadrianmuren. Muren kom til å følgja ei liknande rute, litt lenger nord.

Stanegate
Stanegate
Lengd 61 km
Strekning Corstopitum
Vindolanda
Magnis
Luguvalium

Stanegate
55°00′19″N 2°16′58″W / 55.00519°N 2.28266°W / 55.00519; -2.28266

Det finst to andre romarvegar i Sør-England med liknande namn, Stane Street i Chichester og Stane Street i Colchester). I begge tilfella er tydinga den same som for den nordlege, og viser til at vegen blei lagd med steinar.

Stanegate skil seg frå dei fleste andre romarvegar ved at han ofte følgjer dei slakaste skråningane, slik at han svingar mykje. Romarvegar følgjer typisk rette linjer, sjølv om dette gjer at ein får bratte bakkar i dei.

Stanegate
Moderne veg til Vindolanda oppå gamle Stanegate. Restane av ein romersk milestein til venstre.

Ein stor del av Stanegate er framleis i bruk i dag som ein mindre moderne veg mellom Fourstones og Vindolanda i Northumberland.

Historie

Ein held det som sannsynleg at Stanegate blei bygd då Agricola var guvernør, frå 77 til 85 AD, under regjeringstidene til keisarane Vespasian, Titus og Domitian. Ein trur også at han blei bygd som ein strategisk veg då den nordlege grensa følgde linja mellom Forth og Clyde. Ein indikasjon på dette er at han hadde festningar med intervallar på ein marsjdag (14 romarmiler eller moderne 13 mile (21 km)), passande for ein strategisk veg som ikkje var ved grensa. Festningane Vindolanda (Chesterholm) og Nether Denton er blitt påviste til å stamma frå omtrent same tid som Corstopitum og Luguvalium, frå 70- og 80-talet.

Då romarane bestemte seg for å trekka seg ut av Skottland rundt år 105 blei Stanegate-linja den nye grensa, og det ble nødvendig med festningar med halvdags-marsjintervaller. Desse ekstra festningane var Newbrough, Magnis (Carvoran) og Brampton Old Church. Det er blitt føreslått at det blei bygde ei rekkje mindre festningar mellom desse «halvdagsmarsj»-festningane. Haltwhistle Burn og Throp kan vera festningar av denne typen, men det er ikkje nok bevis på at det fanst ei rekkje slike mindre festningar.

Struktur

Stanegate 
Stanegate ved Corbridge Roman Site.
Stanegate 
Romersk milestein ved Stanegate nær Vindolanda.

Der vegen forlet Corstopitum var Stanegate 22 fot (6,7 m) vid med tildekte steinrenner og eit fundament med brustein på 6 tommar (150 mm) dekt av 10 tommar (250 mm) grus.

Rute

Austenden av Stanegate var i Corstopitum, der den viktige vegen Dere Street gjekk mot Skottland. Vest for Corstopitum kryssa Stanegate ovre Cor Burn, og følgde så nordbreidda av Tyne før han nådde North Tyne nær landsbyen Wall. Ei romersk bru må ha teke vegen over North Tyne, og derfrå gjekk han mot vest forbi dagens landsby Fourstones til Newbrough, der ein finn den fyrste festningen, 7 12 mile (12,1 km) frå Corbridge, og 6 mile (9,7 km) frå Vindolanda. Dette er ein listen festning som dekkjer mindre enn ein acre. Han var i området som no er kyrkjegarden til Newbrough kyrkje, som står for seg sjølv vest for landsbyen.

Frå Newbrough fortset Stanegate vestover, parallelt med elva South Tyne til han kjem til neste større festning ved Vindolanda (Chesterholm). Frå Vindolanda kryssar Stanegate den noverande Military Road og passerer like sør for den mindre festningen ved Haltwhistle Burn. Deretter fortset Stanegate vestover vekk frå løpet til South Tyne og passerer den større festningen Magnis (Carvoran), 6 12 mile (10,5 km) frå Vindolanda og 20 mile (32 km) frå Corstopitum. På dette punktet møter vegen Maiden Way frå Epiacum (Whitley Castle) i sør.

Frå Magnis går vegen mot sørvest og følgjer løpet til elva Irthing. Han passerer festningen Throp, og kjem til den større festningen Nether Denton, 4 12 mile (7,2 km) frå Magnis og 24 12 mile (39,4 km) frå Corstopitum. Festningsområdet dekkjer eit areal på rundt 3 acre (12 000 m2).

Frå Nether Denton følgjer vegen Irthing mot dagens Brampton. Han passerer den mindre festningen ved Castle Hill Boothby og når så, 1 mile (1,6 km) vest for Brampton, den neste større festningen ved Brampton Old Church, 6 mile (9,7 km) frå Nether Denton og 30 12 mile (49,1 km) frå Corstopitum. Festningen er gjeven dette namnet fordi halvparten av han ligg under Old St Martin-kyrkja og kyrkjegarden hennar.

Etter Brampton Old Church kryssar vegen Irthing og fortset så mot sørvest gjennom Irthington. Han passerer gjennom dagens Carlisle lufthamn, like nord for hovudrullebanen. Stanegate fortsette så gjennom ei stor skjering i High Crosby, der ein meiner det må ha vore ein liten festning basert på marsjavstander, men ingen er blitt funnen. Stanegate kryssa så elva Eden nær cricketbanen i dagens Carlisle, og nådde festningen Luguvalium (Carlisle) der ein no finn Carlisle Castle, 7 12 mile (12,1 km) frå Brampton Old Church og 38 mile (61 km) frå Corstopitum. Det er mogleg at vegen fortsette vestover endå 4 12 mile (7,2 km) til festningen Kirkbride ved Moricambe Bay, eit innløp av Solway Firth. Det er funne ein stor leir her på 5 acre (20 000 m2), men ikkje nok prov på ein veg.

Det er gjort framlegg om at Stanegate også kan ha gått austover frå Corstopitum mot Pons Aelius, i dagens Newcastle upon Tyne, og kan ha nådd Washing Wells Roman Fort i Whickham, men det er ikkje gjort funn som støttar denne teorien.

Festningar ved Stanegate

Stanegate 
Ruinar av Carvoran
  • Corstopitum (Corbridge, større festning)
  • Newbrough (mindre festning)
  • Vindolanda (Chesterholm, større festning)
  • Haltwhistle Burn (mindre festning)
  • Magnis (Carvoran, større festningt)
  • Throp, like sør for Gilsland (mindre festning)
  • Nether Denton (større festning)
  • Castle Hill Boothby, mellom Brampton og Lanercost Priory (mindre festning)
  • Brampton Old Church (større festning)
  • Luguvalium (Carlisle, større festning)

Ettertid

Stanegate 
Ein overgrodd del av Stanegate

Mykje av Stanegate danna grunnlaget for Carelgate (eller Carlisle Road), ein veg i mellomalderen som gjekk frå torget i Corbridge og blei del av Stanegate vest for Corstopitum. Carelgate blei etterkvart så forfallen at han ikkje kunne brukast av vogner. I tida 1751–1752 blei det bygd ein ny veg, Military Road, etter jakobittopprøret i 1745.

Kjelder

Tags:

Stanegate HistorieStanegate StrukturStanegate RuteStanegate Festningar ved Stanegate EttertidStanegate KjelderStanegateCarlisleCorbridgeCumbriaEden i CumbriaHadrianmurenIrthingNord-EnglandNorthumberlandRomarvegTyne

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Planeten MarsStord kommuneOlivettiTalordGesimsSosialistTwitterMeteoraKenth EldebrinkRepublikkKlima i CanadaKoparGonzález IslandUTCFredrik SolvangPlatonMarie AntoinetteBokmålOperativsystemBokfinkMoldedialektPorsgrunnssangenMartin ØdegaardMaiken Caspersen FallaSagaen om IsfolketWikipediaBygdedyretRhinenKelly ClarksonLinn UllmannHåvard RemEarl ScruggsSikhismenPeter Wessel TordenskjoldSunnmøreJantelovenNorsk folkedansHar SedomIne Marie WilmannTrepunktsopphengWiki CommonsØresundbruaTelemark fylke27-årsklubbenCharlène av MonacoTorstein FlakneArian EngebøIsVladimir PutinMagnisíaErik AndersenGeitHomofiliAstrid LindgrenKvam heradNSDAPBukspyttkjertelenBrasilTuonelaStatsreligionClaudio MonteverdiEnrico Caruso2024Lewis CapaldiMjøsaRSSGrunnstoffet tinnJan MayenMagnetisk feltstyrkeKristiansund BallklubbValdresEl Niño🡆 More