Magnis eller Magna (Magnae Carvetiorum) var ein romersk festning ved Hadrianmuren nord i Britannia.
Ruinane er no kjende som Carvoran Roman Fort og ligg nær Carvoran i Northumberland i Nord-England. Ein trur festningen blei plassert her i samband med romarvegen Stanegate, før ein bygde Hadrianmuren. Festningen er ikkje fysisk tilknytt muren. Vallum-grøfta går til skilnad frå mange andre stader nord for festningen, og skil han dermed frå muren.
Magnis | |||
| |||
Magnis i Carvoran 54°59′06″N 2°31′28″W / 54.9849°N 2.5244°W |
---|
På staden ligg det no eit museum, Roman Army Museum.
Festningen ved Carvoran blir vanlegvis identifisert som den 'Magnis' som er nemnd både i Ravenna-kosmograpfien og Notitia Dignitatum. Vidare prov for namnet kjem frå eit innskriftfragment (RIB 1825) som William Hutchinson skal ha sett i 1766 men som no er gått tapt, men som viste til «numerus Magne
Magna blei opphavleg bygd for å vakta krysset mellom romarvegane Maiden Way (som gjekk frå nord til sør) og Stanegate (som gjekk frå vest til aust), hovudtilførselsvegen mellom Coria (Corbridge) i aust og Luguvalium (Carlisle) i vest. Festningen er såleis eldre enn Hadrianmuren. Ruinane ligg ved Carvoran i Greenhead civil parish iNorthumberland i England. Magna er ein av 16 romerske festningar langs Hadrianmuren. Det var også 80 mindre milecastle-festningar og 158 vakttårn langs heile muren. Maiden Way ran sør frå Magna til Bravoniacum (Kirkby Thore nær Penrith). Det låg ein festning midtvegs mellom desse to på Maiden Way, Whitley Castle eller Epiacum, like nord for noverande Alston i Cumbria, med sjølve festningen like over fylkesgrensa i Northumberland.
Fem hundre bogeskyttarar frå Hama, kjende som Cohors Prima Hamiorum Sagittaria, var stasjonerte ved Magna frå år 120.
Roman Army Museum ved Magna blir drive av Vindolanda Trust. Som museet ved Vindolanda blei Roman Army Museum modernisert og gjenopna i 2011. Museet skildrar grenselivet ved den nordlege grensa til Romarriket. Museet viser både funn frå romartida, som våpen og verktøy, replikaer i full storleik, ein 3D-film om Hadrianmuren i fortid og samtid, og ei stor tidsline for Hadrianmuren. Det er også eit galleri vigd keisar Hadrian sjølv.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Magnis i Carvoran, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.