Stagflasjon er eit økonomisk omgrep for stagnasjon i økonomisk vekst kombinert med inflasjon og auka arbeidsløyse.
I ein normal konjunktursyklus brukar inflasjonen å auke under høgkonjunktur, samstundes som arbeidsløysa er låg, og arbeidsløysa brukar å auke under lågkonjunktur, samstundes som inflasjonen er låg. Mange land opplevde stagflasjon i etterdønningane av oljeprissjokka på 1970-talet. Dette var ein delvis ny situasjon samanlikna med dei konjuktursvingingane som hadde vore i tiåra før.
Stagflasjon er problematisk fordi det inneheld dei negative sidene ved både høgkonjunktur og lågkonjunktur, og er dessutan vanskeleg å gjere noko med. Politiske tiltak som dempar inflasjonen medfører ofte auka arbeidsløyse og omvendt. Her er altså ein grunnleggande motsetnad mellom prisstabilisering og BNP-stabilisering. Det er derfor vanskeleg for sentralbanken å påverke denne situasjonen med det eine pengepolitiske verktøyet som står til rådvelde, styringsrenta.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stagflasjon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.