Deflasjon er ein nedgang i det generelle prisnivået i ein økonomi, det vil seie det motsette av inflasjon.
I tider med deflasjon styrkar såleis kjøpekrafta til pengane seg. Deflasjon bør ikkje forvekslast med disinflasjon, som er ein reduksjon i inflasjonen, men som ikkje nødvendigvis treng å innebera deflasjon.
Deflasjon er gjerne knytt til sterke økonomiske nedgangstider, depresjonar. Sidan dei fallande prisane gjer at det løner seg å utsetje kjøp av varer, kan deflasjon gjera at etterspørselen søkk og problema med å få den økonomiske veksten til å ta seg opp att blir forsterka.
Noreg opplevde stor deflasjon i perioden 1920-1933, da den norske staten prøvde å få krona tilbake på pari kurs. Godt kjend er òg deflasjonen i Japan sidan 1990-åra, som den japanske sentralbanken nyttelaust prøvde å få bukt med gjennom å ha ei rente på 0 % fram til juli 2006.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Deflasjon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.