St Helens er ein by i Merseyside i England.
Han er den største byen og det administrative senteret i distriktet St Helens og har like over 100 000 innbyggjarar. Byen vart ein del av ein kommune i 1868 i lag med Eccleston, Parr, Sutton og Windle og han vart eit distrikt i 1887, som i 1974 var eit bydistrikt.
St Helens | ||
---|---|---|
Rådhuset, St Mary's Lowe House Catholic Church, The Anderton Shearer Monument, The Ravenhead Colliery Mine Works, og The British Plate Glass Casting Hall, Ravenhead. | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Merseyside | |
Distrikt | St Helens | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) | 102 629 | |
Koordinatar | 53°27′N 2°45′W / 53.450°N 2.750°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | WA | |
Telefon-retningsnummer | 01744 | |
St Helens ligg heilt sørvest i det historiske grevskapet Lancashire i Norvest-England, 10 km nord for elva Mersey.
Det lokale området utvikla seg raskt under den industrielle revolusjonen på 1700- og 1800-talet og vart eit viktig senter for kolgruvedrift, og glasmaking. Både før og under denne perioden var det òg ein bomulls- og linindustri (hovudsakleg seglmaking) som varte fram til midten av 1800-talet, i tillegg til industriar for salt, kalkstein, koparutvinning og bryggeri. I dag er St Helens ein handelsby og det meste av den gamle industrien har forsvunne.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article St Helens i Merseyside, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.