Olivia Newton-John DBE (26.
september">26. september 1948–8. august 2022) var ein britiskfødd, australsk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho vann Grammyprisen fire gonger og har fem førsteplassar og ti andre topp 10-plasseringar på den amerikanske Billboard Hot 100-lista for singlar og to album på toppen av Billboard 200-albumlista. Elleve av singlane hennar (mellom anna to platinaplater) og 14 av albuma hennar (av dei to platina og fire doble platina) har selt til gullplate. Ho har gjort suksess innan fleire sjangrar, som pop, country og adult contemporary, og har selt kring 100 millionar plater, noko som gjer ho til ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene. Ho spelte i lag med John Travolta i filmutgåva av Broadway-musikalen Grease, som gav eit av dei mest suksessrike filmmusikkalbum i historia til Hollywood.
Newton-John var lenge ein aktivist for miljø og dyrerettar. Etter at ho overlevde brystkreft i 1992, vart ho ein talsperson for helse, og var involvert i mange veldedige hendingar, helseprodukt og innsamlingsaksjonar.
År | Namn | Rolle | Merknad |
---|---|---|---|
1965 | Funny Things Happen Down Under | Olivia | Birolle |
1970 | Toomorrow | Olivia | Hovudrolle |
1972 | The Case | Seg sjølv | BBC2 TV-spesial med Cliff Richard & Tim Brooke-Taylor |
1976 | A Special Olivia Newton-John | Seg sjølv | TV-spesial |
1977 | Only Olivia | Seg sjølv | TV-spesial |
1978 | Olivia | Seg sjølv | TV-spesial |
Grease | Sandy Olsson | Hovudrolle | |
1980 | Xanadu | Kira | Hovudrolle |
Hollywood Nights | Seg sjølv | TV-spesial | |
1983 | Two of a Kind | Debbie Wylder | Hovudrolle |
1988 | She's Having a Baby | Seg sjølv | Cameo |
1989 | Mothers & Others | Seg sjølv | TV-spesial |
1990 | A Mom for Christmas | Amy Miller | Hovudrolle |
1991 | Madonna: Truth or Dare | Seg sjølv | Cameo |
1994 | A Christmas Romance | Julia Stonecypher | Hovudrolle |
1996 | It's My Party | Lina Bingham | Birolle |
2000 | Sordid Lives | Bitsy Mae Harling | Birolle |
2001 | The Wilde Girls | Jasmine Wilde | Hovudrolle |
2002 | A Night with Olivia | Seg sjølv | TV-spesial |
2003 | Live in Japan '03 | Seg sjølv | TV-spesial |
2008 | Sordid Lives: The Series | Bitsy Mae Harling | Birolle |
2009 | Kathy Griffin: My Life On The D-List | Seg sjølv | Gjest |
2010 | 1 a Minute | Seg sjølv | Dokumentar |
Glee | Seg sjølv | Spesialgjest – 2 episodar | |
Score: A Hockey Musical | Hope Gordon | Birolle | |
2011 | A Few Best Men | Barbara Ramme | Birolle |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Olivia Newton-John, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.