Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Olivia Newton-John

From Wikipedia, the free encyclopedia

Olivia Newton-John DBE (26. september 19488. august 2022) var ein britiskfødd, australsk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho vann Grammyprisen fire gonger og har fem førsteplassar og ti andre topp 10-plasseringar på den amerikanske Billboard Hot 100-lista for singlar[1] og to album på toppen av Billboard 200-albumlista. Elleve av singlane hennar (mellom anna to platinaplater) og 14 av albuma hennar (av dei to platina og fire doble platina) har selt til gullplate. Ho har gjort suksess innan fleire sjangrar, som pop, country og adult contemporary, og har selt kring 100 millionar plater, noko som gjer ho til ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.[2] Ho spelte i lag med John Travolta i filmutgåva av Broadway-musikalen Grease, som gav eit av dei mest suksessrike filmmusikkalbum i historia til Hollywood.

Olivia Newton-John
Olivia Newton John (6707495311) (cropped to look large).jpg
Fødd26. september 1948
FødestadCambridge
Død8. august 2022 (73 år)
DødsstadSanta Ynez Valley
OpphavAustralia, Storbritannia
Aktiv1963 til i dag
SjangerPop, country, softrock
InstrumentSong
StemmetypeKoloratursopran
PlateselskapUni, MCA, EMI, Pye, Festival
Verka somSongar, låtskrivar, skodespelarinne, entrepenør
MorIrene Helen Käthe Born
FarBrinley Newton-John
Gift medMatt Lattanzi, John Easterling
BornChloe Rose Lattanzi
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen, offiser av Order of Australia, Daytime Emmy Award, Australian National Living Treasure, companion av Order of Australia, kommandør av Order of the British Empire, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, Grammy Award for årets innspilling, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, Grammy Award for Video of the Year, Country Music Association Award for Female Vocalist of the Year, American Music Award for Favorite Country Album, American Music Award for Favorite Pop/Rock Song, American Music Award for Favorite Pop/Rock Album, Australian Recording Industry Association, National Trust of Australia, Music Victoria Awards of 2015, Doctor of Letters, Order of Australia, Australian Women in Music Awards

Newton-John var lenge ein aktivist for miljø og dyrerettar. Etter at ho overlevde brystkreft i 1992,[3] vart ho ein talsperson for helse, og var involvert i mange veldedige hendingar, helseprodukt og innsamlingsaksjonar.

Diskografi


Filmar

ÅrNamnRolleMerknad
1965Funny Things Happen Down UnderOliviaBirolle
1970ToomorrowOliviaHovudrolle
1972The CaseSeg sjølvBBC2 TV-spesial med Cliff Richard & Tim Brooke-Taylor
1976A Special Olivia Newton-JohnSeg sjølvTV-spesial
1977Only OliviaSeg sjølvTV-spesial
1978OliviaSeg sjølvTV-spesial
GreaseSandy OlssonHovudrolle
1980XanaduKiraHovudrolle
Hollywood NightsSeg sjølvTV-spesial
1983Two of a KindDebbie WylderHovudrolle
1988She's Having a BabySeg sjølvCameo
1989Mothers & OthersSeg sjølvTV-spesial
1990A Mom for ChristmasAmy MillerHovudrolle
1991Madonna: Truth or DareSeg sjølvCameo
1994A Christmas RomanceJulia StonecypherHovudrolle
1996It's My PartyLina BinghamBirolle
2000Sordid LivesBitsy Mae HarlingBirolle
2001The Wilde GirlsJasmine WildeHovudrolle
2002A Night with OliviaSeg sjølvTV-spesial
2003Live in Japan '03Seg sjølvTV-spesial
2008Sordid Lives: The SeriesBitsy Mae HarlingBirolle
2009Kathy Griffin: My Life On The D-ListSeg sjølvGjest
20101 a MinuteSeg sjølvDokumentar
GleeSeg sjølvSpesialgjest – 2 episodar
Score: A Hockey MusicalHope GordonBirolle
2011A Few Best MenBarbara RammeBirolle

Kjelder

  1. Erlewine, Michael (1997). All Music Guide to Country. San Francisco: Miller Freeman Books. s. 334. ISBN 978-0-87930-475-1. Henta 25. august 2014. 
  2. Bennett, Sally (27. februar 2012). «Choir buddies Olivia Newton-John and Daryl Braithwaite tune up again». Herald Sun. Henta 25. august 2014. 
  3. 1001 Australskes You Should Know. Google Books. Henta 25. august 2014. 

Bakgrunnsstoff

Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
This article uses material from the Wikipedia article Olivia Newton-John, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors).