Ein sosialdemokrat er historisk sett ein tilhengar av demokratisk sosialisme, som i nokre land blei kalla sosialdemokrati.
Det er eigentleg ingen tydingsskilnad mellom nemningane sosialistisk og sosialdemokratisk som partinemningar, da mange sosialdemokratiske parti er medlemmer i den Sosialistiske Internasjonalen ilag med søsterparti som kallar seg sosialistiske. Men i Noreg har det likevel utvikla seg slik at å kalle seg sosialist gir meir radikale assosiasjonar enn å kalle seg sosialdemokrat.
Somme sosialdemokratiske parti har ikkje lenger eit sosialistisk samfunn som mål, og den historiske definisjonen av ordet «sosialdemokrat» som tilhengar av demokratisk sosialisme kan derfor vere misvisande i våre dagar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sosialdemokrat, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.