Solvinden er straumen av partiklar som sola heile tida sender ut, eit tynt plasma med supersonisk fart som fyller det interplanetare rommet.
Partiklane er hovudsakleg elektron og proton, men det er også kjernar av helium og andre tyngre ion. Plasmastraumen fører òg med seg eit magnetisk felt frå sola, det interplanetare magnetfeltet. Solvinden skapar eit dynamisk samband mellom sola og planetane og han har ein sterk innverknad på tilhøva i magnetosfæren og atmosfæren til planetane.
Solvinden varierer i styrke, men er sterkast når solflekkene er mange og store.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Solvind, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.