Atmosfære er det generelle namnet på eit lag med gass som kan ligge rundt ein lekam med stor nok masse.
Gassane er tiltrekt av tyngdekrafta til lekamen, og halde fast viss tyngdekrafta er stor nok og atmosfæretemperaturen er låg. Nokre planetar består hovudsakleg av diverse gassar, og har dermed svært djupe atmosfærar (sjå gasskjempe).
Jorda, Venus, Mars, Pluto og to av månane til dei ytre planetane (saturnmånen Titan og neptunmånen Triton) har atmosfærar. I tillegg er kjempeplanetane i det ytre solsystemet (Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun) hovudsakleg samansett av gassar. Andre lekamar i solsystemet har ekstremt tynne atmosfærar: Månen (natriumgass), Merkur (natriumgass), jupitermånen Europa (oksygen) og jupitermånen Io (svovel).
Jordatmosfæren er ein særskild atmosfære fordi han inneheld gassar skapt av livet på jorda; samstundes gjer han det mogleg for liv å vera til her.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Atmosfære, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.