Skrifte

Skrifte er både eit substantiv og eit verb (som substantiv synonymt med skriftemål) og tyder å vedkjenne syndene sine for eit anna menneske.

I dei katolske og ortodokse kyrkjene skal skriftemålet foregå overfor ein prest, som etter skriftemålet tilseier tilgjeving for syndene, såkalla absolusjon. Dette skriftemålet et eit sakrament.

Skrifte
Skrifteboks i ei katolsk kyrke

Ved reformasjonen vart skriftemålet avskaffa som obligatiorisk ordning i dei evangelisk-lutherske kyrkjene, men det private skriftemålet er i prinsippet framleis tilrådd brukt, anten overfor ein prest eller overfor ein kristen lekmann.

Presten har kyrkjeleg fullmakt til å motta skrifte og har juridisk teieplikt utan vilkår (« juridisk ubetinget taushetsplikt»). Teieplikta gjeld i prinsippet òg andre som mottek skriftemål.

Syndsforlating

Syndsforlating eller absolusjon er ei formell utsegn ein får frå presten etter at ein har skrifta. Det inneber at syndene som ein har skrifta om vert tilgjevne, ei fullmakt prestane i Den katolske kyrkja meiner dei har frå Gud gjennom den apostoliske suksesjonen.

Allment skriftemål

Nokre lutherske kyrkjesamfunn har eit allment skriftemål før nattverden, slik ordninga lenge var i Den norske kyrkja, og slik det enno vert praktisert i læstadiansk prega kyrkjelydar. Ved det allmenne skriftemålet seier presten først fram ein skriftetale, så les kyrkjelyden ei felles syndsvedkjenning, før presten tilseier individuell syndsforlating for dei som kneler ned ved alterringen.

I Den norske kyrkja vert allment skriftemål berre bruka ved særskilte høve, og i så fall helst i gudstenesta på dagar som askeonsdag eller bots- og bededag.

Andre tydingar

Ordet kan òg bli bruka om anna vedkjenning av mistak, t.d. for foreldre. Det kan òg tyde å gje nokon refs.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Skrifte SyndsforlatingSkrifte Allment skriftemålSkrifte Andre tydingarSkrifte KjelderSkrifte BakgrunnsstoffSkrifteDen katolske kyrkjaOrtodoks kristendomPrestSakramentSynd

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Ronja RøverdatterGuvernement i OmanKevlarHepatitt C-virusOslo kommuneElon MuskSør-PílioNorrøntJehovas vitneKlima i CanadaPorsgrunnssangenAmmoniumkloridFascismeNykøbing MorsHaaretzFlåten til Det Bergenske DampskibsselskabKjerringa med stavenVinter-OL 1988Den norske språkstridenBrunKari BakkeImplisitt og eksplisitt funksjonStore norske leksikonAlderspensjonDen muslimske verdaSunndalsøraItaliaCharlène av MonacoLeksikonKråkebolleBoge i arkitekturenByar i OmanOrganistMorfemIngvild KjerkolRoger KjendalenSpekkhoggarOksygenFelix MendelssohnSnow White and the Seven DwarfsGud signe maten på vårt bordMalariaGjærOperativsystemPanserbataljonenSki-VM 2019Har SedomKyprosHurtigrutaUrfolkAkhelóos i KardítsaMjøsaSigmund FreudAsh Sharqiyah-regionen i OmanVrangianáAspropótamos i TríkalaPodsolByar i HellasMax CarlCarl LarssonPave Johannes Paul IMolde kommuneNazismeVM i alpine greiner 2019LamíaFranz LisztBuddhistiske høgtiderCarl Philip av SverigeHellerman RocksJordskorpeplateØrsta kommune🡆 More