Seinen: Elv i Frankrike

Seinen (fransk la Seine) er ei stor elv nordvest i Frankrike, og ei av dei kommersielle vassvegane i landet.

Ho er òg ein turistattraksjon, særleg i Paris.

Seinen
la Seine
elv
Seinen: Etymologi, Transport, Geografi
Seinen sett frå Eiffeltårnet. Place de la Concorde ligg øvst til høgre.
Land Seinen: Etymologi, Transport, Geografi Frankrike
Nedslagsfelt 78 650 km²
Renn gjennom Paris
Lengd 776 km
Middelvassføring 500 /s
Kjelde Bourgogne
 - høgd 471 moh.
Munning Den engelske kanalen

Seinen
49°26′05″N 0°07′03″E / 49.434722222222°N 0.1175°E / 49.434722222222; 0.1175
Wiki Commons: Seine River
Seinen: Etymologi, Transport, Geografi
Seinen har utspring nær Dijon nord i Frankrike, og renn gjennom Paris og ut i Den engelske kanalen.
Seinen: Etymologi, Transport, Geografi
Seinen ved Villequier i Normandie

Etymologi

«Seinen» kjem frå det latinske ordet Sequana, som igjen kjem frå det galliske (keltisk) Sicauna. Sicauna kjem av det keltiske ordet sakw, som tyder «heilag», og kjem av den urindoeuropeiske rota *sak- (som òg gav dei latinske orda sacer (heilag, t.d. «sacred» på engelsk) og sanctus («sankt»), og frå ei keltisk ending -onna, som tyder «kjelde, elv». Denne endinga finn ein igjen i mange elvar i Vest-Europa, som Garonne eller Dordogne). Namnet «Sakw -onna» («heilag kjelde», «heilag elv»), er òg namn til fleire andre vesteuropeiske elvar, som Saône, og kanskje òg elva Shannon.

Eit anna mogeleg opphav til namnet er at Sequana er den latinske utgåva av det galliske Isicauna. Is-Icauna er diminutiv av Icauna, som var det galliske namnet på elva Yonne. Gallarane rekna Seinen som ei sideelv til Yonne, som òg har ei større vassføring enn Seinen (elva som renn gjennom Paris burde vore kalla Yonne om ein hadde følgt vanlege geografireglar). Icauna kjem frå den urindoeuropeiske rota inka -onna.

Nedom det som i dag er Normandie vert Seinen kalla Rodo eller Roto, som er eit tradisjonelt keltisk namn for elvar, og som òg er det opphavlege namnet til Rhône. Dette ser ein av namnet Rouen, som var Rotomagos på gallisk, og som tydde «sletta til Roto» (magos på gallisk, som utvikla seg til «marked»).

Transport

Seinen er oppmudra og havgåande fartøy kan nå Rouen, 120 km frå sjøen. Kommersielle elvebåtar kan nytte elva frå Bar-sur-Seine, 560 km frå munningen. Ved Paris er elva berre 24 meter over havnivå, 445 km frå munningen, slik at elva renn sakte og er lett å segle på.

Tidvassdelen av elva, frå Le Havre til langt forbi Rouen, er etterfølgt av ein kanalisert del med fire store sluser fram til munningen av Oise ved Conflans-Sainte-Honorine. Så er det to store sluser ved Bougival/Chatou og Suresnes, som løftar fartøya opp til nivået til elva i Paris, der munningen til elva Marne ligg. Oppom Paris møter fartøya fleire sluser, slik at dei kan nå Saint Mammès, der elv Loing munnar ut. Etter sluse nummer åtte når ein elva Yonne ved Monterau. Frå munningen til Yonne kan større skip halde fram oppver Seinen til Nogent-sur-Seine. Vidare frå her kan berre mindre båtar gå. Ved Marcilly-sur-Seine kjem ikkje dagens båtar lenger. Her ligg den gamle Canal de la Haute Seine, som tidlegare gjorde at båtar kunne kome til Troyes, men denne kanalen har stått ubrukt i mange år no.

Middeldjupet til Seinen er i dag åtte meter ved Paris. Før sluser vart installert på 1800-talet for å heve vassnivået var elva mykje grunnare, og bestod for det meste av små kanalar med sandbreidder. I dag vert djupet i elva nøye kontrollert. Middelvassføringa i elva er svært låg, berre nokre få kubikkmeter per sekund, men i periodar med mykje regnvatn kan ein få mykje høgare vassføring. Reservoar i øvre delar av elva er med på å halde vassnivået i elva konstant gjennom Paris, men etter periodar med mykje nedbør kan nivået auke ein del. I januar 1910 vart det til dømes omfattande flaum i heile byen.

Fram til 1930-åra var det eit slepesystem langs breidda av elva, der ein nytta kjettingar for å dra lektarane oppover elva.

Geografi

Seinen har sitt utspring i den sørlege delen av Plateau de Langres, ei rekkje av åsar som går frå nordaust til sørvest i departementet Côte-d'Or. Kjelda ligg 29 km nordvest for Dijon. Seinen er den nest lengste elva i Frankrike etter Loire.

Dei største sideelvane til Seinen

Frå kjelda til munningen:

  • Aube (H) - 248 km
  • Yonne (V) - 293 km
  • Loing (V) - 166 km
  • Essonne (V) - 90 km
  • Orge (V) - 50 km
  • Marne (H) - 525 km
  • Oise (H) - 302 km
  • Epte (H) - 100 km
  • Andelle (H) - 54 km
  • Eure (V) - 225 km
  • Risle (V) - 140 km. Ho munnar ut i elvemunningen til Seinen.

merk: H=høgre V=venstre

Département og byar

Frå kjelda til munningen:

Kloakksystem

I periodar flaumar kloakksystemet i Paris over, særleg i samband med mykje regn. I desse tilfella renn uhandsama kloakk ut i Seinen.. Dette fører til oksygenmangel på grunn av alloktone bakteriar som er større enn ein mikrometer. Aktiviteten til desse kloakkbakteriane er vanlegvis tre til fire gonger større enn autokone bakteriar.

Historie

Seinen vart eit av dei opphavlege måla under Operasjon Overlord i 1944. Planen til dei allierte var å nå Seinen ved D+90 (90 dagar etter D-dagen), noko dei klarte. Eit venta åtak over elva kom aldri sidan dei tyske styrkane i Frankrike hadde fall saman tidleg i september 1944. First Canadian Army møtte rettnok motstand like vest for Seinen, og kampar skjedde og i Foret de la Londe då allierte troppar prøvde å hindre delar av den tyske 7. armé i å krysse elva nær slutten av Operasjon Overlord.

Etter at elva vart oppmudra på 1960-talet fjerna ein store tidvassbølgjer frå elva, kalla le mascaret.

Breidda av Seinen i Paris vart ført opp på UNESCO si verdsarvliste i 1991..

Seinen og målarane

På 1800- og 1900-talet har Seinen inspirert mange målarar, som Richard Parkes Bonington, Joseph Mallord William Turner, Camille Corot, Eugène Isabey, Constant Troyon, Charles-François Daubigny, Eugène Boudin, Johan Jongkind, Claude Monet, Frédéric Bazille, Édouard Vuillard, Félix Vallotton, Dufy, Emile Othon Friesz, Albert Marquet, Emilio Grau Sala, Gaston Sébire og Maurice Boitel.

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Seinen: Etymologi, Transport, Geografi  Commons har multimedium som gjeld: Seinen

Tags:

Seinen EtymologiSeinen TransportSeinen GeografiSeinen KloakksystemSeinen HistorieSeinen og målaraneSeinen KjelderSeinen FotnotarSeinen BakgrunnsstoffSeinenElvFrankrikeFranskParis

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Pilt-OlaKardítsa2019OsloHaakon Magnus av NoregStrategispelPeter Wessel TordenskjoldSunnhordlandsdialektKlima i ArgentinaGoiásSosialistSyndikalismeKognitivismePOSIXSnow White and the Seven DwarfsJerpeAust-ArjithéaEselHjortKaptein SabeltannISO 8601Victoria av StorbritanniaBergen kommunePeriferieininga TríkalaPierre-Simon LaplaceKvaeDurgaWattensEli Skolmen Ryg24. aprilEllipsoideHollandSagaen om IsfolketAndAftonbladetLímni PlastíraVladimir PutinMagnisíaNotfiskeMiljøproblemKrøllparentesKlanenStord kommuneEnrico CarusoSilje NordnesKommunevåpen i NoregGunnhild SundliJacob Tullin ThamsNautisk milBukspyttkjertelenSymbolImperialismeRagnhild BrochmannPanserbataljonenJordskorpeplateJordaOrganistJohann Sebastian BachKoparNoregTrabzonSpedbarnFriksjonDen islamske statenAmmoniumkloridEtanolFlorøHandball-EM 2004 for mennHåvard RemJantelovenDonald Trump🡆 More