Rouen

Rouen er den historiske hovudstaden i Normandie nordvest i Frankrike ved elva Seinen.

I dag er byen hovudstad i regionen Normandie og préfecture (administrasjonsstad) i departementet Seine-Maritime. I mellomalderen var Rouen ein av dei største og rikaste byane i Europa. Han var ein av hovudstadane i dei anglonormanniske dynastia, som styrte både England, store delar av det som i dag er Frankrike frå 1000-talet til 1400-talet. Det var i Rouen at engelskmennene brende Jeanne d'Arc i 1431. Folk frå Rouen vert kalla Rouennais.

Rouen
Horisonten til Rouen
Horisonten til Rouen
Byvåpenet til Rouen
Byvåpenet til Rouen
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Normandie
Seine-Maritime
Geografi
Flatevidd 21,38 km²
Flatevidd
 - By

21,38 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)
   - folketettleik

111 000
  5 192/km²
Koordinatar 49°26′38″N 1°6′12″E / 49.44389°N 1.10333°E / 49.44389; 1.10333
Høgd over havet 10 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: https://rouen.fr/
Nettstad: www.mairie-rouen.fr
Plassering
Rouen

Rouen har eit folketal på 111 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 2011 hadde 650 000.

Historie

Rouen 
Domkyrkja i Rouen

Rouen vart grunnlagd av gallarar, som kalla han Ratumacos, og vart seinare gjeve namnet Rotomagus av romarane. Rouen var den største byen i Secunda Provincia Lugdunensis under Konstantin den store. På 400-talet vart byen eit bispesete og seinare hovudstad i Neustria. På 800-talet erobra normannarane byen, og frå 912 var han hovudstad i Normandie og heimstad for hertugane der.

På 1100-talet hadde byen ein yeshiva. På denne tida budde det 6 000 jødar i byen, om lag 20&nsbp;% av busetnaden, i tillegg til mange jødar spreidd rundt i busetnadane i Normandie. Dei godt bevarte restane av yeshivaen vart oppdaga i 1970-åra.

24. juni 1204 kom Filip II August til Rouen og annekterte Normandie i det franske kongedømet.

Under Hundreårskrigen, den 19. januar 1419, overgav Rouen seg til Henrik V av England, som gjorde Normandie ein del av England. Jeanne d'Arc vart brend på bålet i Rouen 30. mai 1431. Franskmennene gjenerobra byen i 1449.

Byen vart kraftig øydelagd på D-dagen under den andre verdskrigen, og den vidkjende domkyrkja vart nesten heilt øydelagd av dei allierte bombene. Under nazi-okkupasjonen hadde den tyske marinen hovudkvarteret sitt i eit slott i Rouen.

Utdanning

Ein av dei vidaregåande skulane i byen, Lycée Pierre Corneille, har sidan 1918 tatt imot norske elevar for treårig utdanning som endar med fransk baccalaureat. Det vert for tida tatt opp åtte elevar kvart år, gjennom fylkesmannen i Vest-Agder. Den tradisjonsrike skulen, som vart grunnlagd av jesuittane for over 500 år siden, har òg utdanna kjende franske forfattarar som Gustave Flaubert, Guy de Maupassant og tragedielegenda som har gjeve skulen sitt noverande namn, Pierre Corneille.

Museum

Rouen 
St. Olav kirke

Bakgrunnsstoff

Rouen  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Rouen

Tags:

Rouen HistorieRouen UtdanningRouen MuseumRouen BakgrunnsstoffRouen1431Departement i FrankrikeFrankrikeJeanne d'ArcMellomalderenNormandiePréfectureRegionar i FrankrikeSeine-MaritimeSeinen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

24. aprilFriluftslivInformasjonsteknologiSandy DennyJens StoltenbergKommunismeNeville ChamberlainLemmingAristotelesUSABybanen i BergenWiki CommonsKvenerSirkelLonnie MackFinding NemoSouth LanarkshireByar i HellasDonald TrumpPlantarVolda kommuneCate BlanchettNederlandPlaneten MarsDavid CameronVätternKelly ClarksonGåsTiticacaMarcus & MartinusApplausKognitivismeGiroDurgaSosialismeKattKristiansund BallklubbWayback MachineSiderOlga DanilovaFlåklypa Grand PrixÅkermans VerkstadJohn ErtzgaardVaremerkeCoca-ColaMarius ThingvaldOdd NerdrumAsbjørnsen og Moe2024TrymskvidaBritisk pundRSSLufttrykkOksygenDen sørlege vasslangenTeltBjørnar SkjæranFrøylandsvatnetGammeScrabblePandaCristiano RonaldoMøreKvikksølvMP3NasjonaldyrRaudekrossenKarl XII av SverigeKinas kommunistpartiSolgangsbrisRonja RøverdatterKoppar🡆 More