«Saudade, saudade» (norsk omsetjing 'lengsel, lengsel') er ein song frå 2022 med den portugisiske songaren og låtskrivaren Maro.
«Saudade, saudade» Song av Maro | ||
Land | Portugal | |
Språk | Engelsk, portugisisk | |
Utgjeve | 21. januar 2022 | |
Sjanger | Indie pop | |
Lengd | 03:01 | |
Selskap | Universal Music | |
Komponist | Maro | |
Låtskrivar(ar) | Mariana Secca, John Blanda |
---|
Ho har skrive songen saman med den amerikanske låtskriveran John Blanda. Songen vann den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2022, og var det portugisiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.
Den portugisiske låtskrivaren Maro er busett i Los Angeles i USA. Der har ho eit musikalsk samarbeid med den amerikanske låtskrivaren John Blanda. Saman komponerte dei låten «Saudade, saudade», og Maro skreiv teksten som er delvis på engelsk og portugisisk. Ho sende han deretter inn til den portugisiske ålmennkringkastaren RTP si songtevling Festival da Canção – det portugisiske svaret på Melodi Grand Prix.
Den 21. januar 2022 bekrefta RTP at «Saudade, saudade» var blant dei 20 bidraga som var plukka ut til å delta i den 56. tilskipinga av Festival da Canção. Songen vart utgjeven med dei andre bidraga same dag, mens ein liveversjon spela inn i studio vart gjeven ut som singel 7. mars.
«Saudade, saudade» vann Festival da Canção laurdag 12. mars og var det portugisiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Songen gjekk til finalen, og enda til slutt på niandeplass med 207 poeng. Dette var den beste plasseringa til Portugal i Eurovision Song Contest sidan sigeren i 2017.
Liste (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
Irland (IRMA) | 93 |
Island (Tónlistinn) | 13 |
Litauen (AGATA) | 3 |
Nederland (Single Tip) | 6 |
Portugal (AFP) | 3 |
Storbritannia (UK Download (OCC)) | 51 |
Sveits (Schweizer Hitparade) | 79 |
Sverige (Sverigetopplistan) | 68 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Saudade, saudade, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.