Salkhad (arabisk صلخد, Ṣalḫad) er ein by sør i Syria i As Suwayda guvernement.
Han er hovudstaden i Salkhad-distriktet, eit av tre distrikt i guvernementet. Han har kring 15 000 innbyggjarar.
Salkhad | |||
ص | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | As-Suwayda | ||
Distrikt | Salkhad | ||
Høgd | 1 350 moh. | ||
Koordinatar | 32°29′30″N 36°42′40″E / 32.49167°N 36.71111°E | ||
Folketal | 15 000 | ||
Salkhad 32°29′29″N 36°42′38″E / 32.49138889°N 36.71055556°E | |||
| |||
Wiki Commons: Salkhad | |||
Byen ligg 1350 meter over havet sentralt i høglandet Jabal el Druze.
Han er nemnt fleire gonger i Bibelen som «Salcah», som ein busetnad i det bibelske Bashan. På 200-talet fvt. var Salcah ein blømande nabateisk by, der gudane Dushara og Allat vart dyrka. Etter dette vart han ein del av den romerske provinsen Arabia, og var ein av dei viktigare byane i Hauran under romarane og seinare den bysantinarane. Salkhad er merkt av på Madaba mosaikk-kart frå 500-talet.
På grunn av den strategiske plasseringa til byen oppom Hauransletta i vest, bygde Ajjubide-dynastiet ei festning i Salkhad mellom 1214 - 1247 for å stå imot eit mogeleg åtak frå krosstoga i det indre Hauran. Det er òg sagt at Al-Afdal vart send i eksil her av onkelen og broren sin.
Byen vart mindre viktig etter krosstoga, og vart stundom angripen av beduinar som søkte beitemarker på sommaren for dyra sine.
I 1596 stod Salkhad oppført i osmanske skattelister som Salhad (Sarhad) og var ein del av Bani Malik as-Sadir nahiya i Hauran qada. Han hadde ein muslimsk folkesetnad som bestod av 55 hushaldningar og 25 ungkarar, og ein kristen folkesetnad på 50 hushaldningar og 20 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og bikubar.
Fleire gresk-ortodokse kristne, etterkomarar etter ghassanidane, levde i regionen. Salkhad og området rundt vart busett av drusarar frå Libanonfjella frå seint på 1600- til 1800-talet.
I osmansk tid hadde byen eit slags føydalt sjølvstyre, slik mykje av Jabal el Druze-området hadde det under familiane Al-Hamdan og seinare Al-Atrash. Det vart kjempa mange slag i regionen mellom osmanske tyrkarar og lokale som prøvde å oppretthalde sjølvstyret sitt.
Tidleg på 1900-talet var byen ein del av Drusarstaten 1921-1936 under det franske mandatet i Syria. Staten vart gradvis innlemma i Syria etter det syriske opprøret i 1925-1927, leia av sultan Al-Atrash.
Byen er i dag senteret i Salkhad-distriktet i As Suwayda guvernement, det sørlegaste distriktet i Syria.
Festninga i Salkhad er det viktigaste monumentet og ligg på ein høgd inne i byen. Det vart bygd i 1214-1247 av Ajjubide-dynastiet som ein del av forsvarsverka mot krossfararane. Det vert sagt at festninga vart bygd over eldre romerske festningsverk. Ein sekskanta minaret av basalt står framleis intakt på hovudplassen i byen. Mange hus frå romersk tid er framleis delvis busett av lokale Dekorerte graver frå nabatearar, romarar og Ajjubide-dynastiet ligg òg i byen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Salkhad, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.