Dei 14 guvernementa, eller muhafazat (eintal muhafazah) i Syria er delte inn i 65 distrikt, eller manatiq (eintal mintaqah), inkludert byen Damaskus.
Distrikta er vidare delte inn i 281 underdistrikt, eller nawahi (eintal nahiya). Distrikta har same namn som distriktshovudstadane.
Distrikta og underdistrikta er styrte av tenestemenn som er utpeikt av guvernøren og godkjend av innanriksministeren. Tenestemennene arbeider med eit vald distriktsråd for å ta seg av lokale saker og tene som mellommenn mellom dei sentrale styresmaktene og tradisjonelle lokale leiarar, som landsbyhøvdingar, klanleiarar og eldsteråd.
Byen Damaskus er både guvernement, distrikt og underdistrikt.
Merk at delar som brukte å høyre til Quneitra guvernement har vore under israelsk kontroll sidan 1967 (sjå Golanhøgdene).
Syria er delt inn i totalt 65 distrikt:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Distrikt i Syria, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.