Søndre Aker Prosti

Søndre Aker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja.

Det femner bydelane Nordstrand, Søndre Nordstrand og Østensjø søraust i Oslo. Prosten har sete på Bøler.

Søndre Aker Prosti
Bøler kyrkje

Historie

Prostiet vart oppretta i 1984, som Nordstrand prosti, og bestod av prestegjelda Nordstrand, Holmlia, Manglerud, Bøler, Bekkelaget og Lambertseter. Namnet vart endra til Søndre Aker prosti i 1986.

Det er vedteke at Bekkelaget sokn skal slåast saman med Ormøy sokn frå 1. januar 2016. Dei to sokna ha allereie felles stab. Det nye soknet får namnet Bekkelaget og Ormøy.

Likeeins vert Klemetsurd og Mortensrud slått saman til Klemetsrud og Mortensrud sokn. Dette soknet femnar òg om Bjørndal, der ei interimkyrkje vart vigsla i mars 2015.

Sokn

Prostia er inndelte i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje Kyrkjeleg fellesråd
Bekkelaget sokn Bekkelaget kyrkje Oslo
Bøler sokn Bøler kyrkje Oslo
Hauketo-Prinsdal sokn Hauketo-Prinsdal kyrkje Oslo
Holmlia sokn Holmlia kyrkje Oslo
Klemetsrud sokn Klemetsrud kyrkje Oslo
Lambertseter sokn Lambertseter kyrkje Oslo
Ljan sokn Ljan kyrkje Oslo
Manglerud sokn Manglerud kyrkje Oslo
Mortensrud sokn Mortensrud kyrkje Oslo
Nordstrand sokn Nordstrand kyrkje Oslo
Oppsal sokn Oppsal kyrkje Oslo
Ormøy sokn Ormøy kyrkje Oslo

Prestegjeld

Prestetenesta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Søndre Aker prosti desse prestegjelda:

  • Nordstrand prestegjeld med
    • Nordstrand sokn
    • Ljan sokn
  • Holmlia prestegjeld med
    • Holmlia sokn
    • Hauketo-Prinsdal sokn
  • Lambertseter prestegjeld med
    • Lambertseter sokn
  • Bøler prestegjeld med
    • Bøler sokn
  • Bekkelaget prestegjeld med
    • Bekkelaget sokn
    • Ormøy sokn
  • Manglerud prestegjeld med
    • Manglerud sokn
  • Klemetsrud prestegjeld med
    • Klemetsrud sokn
    • Mortensrud sokn
  • Oppsal prestegjeld med
    • Oppsal sokn

Sjå òg

Referansar

Bakgrunnsstoff

59°52′56″N 10°50′23″E / 59.88222°N 10.83972°E / 59.88222; 10.83972

Tags:

Søndre Aker Prosti HistorieSøndre Aker Prosti SoknSøndre Aker Prosti PrestegjeldSøndre Aker Prosti Sjå ògSøndre Aker Prosti ReferansarSøndre Aker Prosti BakgrunnsstoffSøndre Aker ProstiBøler kyrkjeDen norske kyrkjaNordstrandOsloOslo bispedømmeProstSøndre Nordstrand

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HundHelena BrodtkorbHenrik II av EnglandHarald V av NoregBoge i arkitekturenPodsolBuskerud fylkeKirkeristenFranskKirkenærSkandinaviaLagerthaJehovas vitneHarriet BackerForbundsrepublikkPeter BoszEdderkoppar i kulturenImplisitt og eksplisitt funksjonVoss heradFrozenFylkesveg 751SeladonForbrenningMiddelhavetTyrkiaSunndalsøraIslandGarden KatthultChampions LeagueOboGaukKvalsafariValdresSjuårskrigenIngvild KjerkolRoger KjendalenWikipediaMusculus latissimus dorsiAmmoniumkloridStorbritanniaKolPeriferieininga TríkalaAnders AuklandSjakkNord-AmerikaPolenVersaillestraktatenEEli Skolmen RygEkstaseBM-21Richie FaulknerTutankhamonMaiken Caspersen FallaForvandlingaNorske kommuneblomarCelina MidelfartKallífonoKallesignalTrepunktsopphengNasjonalbiblioteketItaliaJomfru MariaOslo Øst fotballKathakaliNihilismeHalsnøybåtenIran23. aprilLeksikonBjørnstjerne BjørnsonVaktelHaaretzSoparAbdusamet YigitAldous HuxleyRim🡆 More