Mortensrud Kyrkje: Kyrkje i Oslo

Mortensrud kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 2002 i Søndre Nordstrand, Oslo kommune.

Ho er teikna av arkitektane Jan Olav Jensen og Børre Skodvin frå Jensen & Skodvin Arkitektkontor. Kunstnarleg koordinering var ved Kirkelig kulturverksted.

Mortensrud kyrkje
Mortensrud kirke
Mortensrud Kyrkje: Interiør og inventar, Arkitekturprisar, Fotnotar
Mortensrud kyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Søndre Aker
Sokn Klemetsrud og Mortensrud
Fellesråd Oslo
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Jensen & Skodvin v/Jan Olav Jensen
Material Glas, stein, stål og tegl
Innvigd 28. april 2002
Kyrkjegard Nei
Preikestol I stål, formgjeve av interiørarkitekt Terje Hope
Døypefont Stålramme med glasfat
Altartavle Gunnar Torvund
Sitjeplassar 550

Mortensrud kyrkje
59°50′48″N 10°49′56″E / 59.846677°N 10.832305°E / 59.846677; 10.832305
Wiki Commons: Mortensrud kirke
Mortensrud Kyrkje: Interiør og inventar, Arkitekturprisar, Fotnotar
Mortensrud kyrkje, bilete frå interiøret med eit tre.
Foto: Andrewrabbott
Mortensrud Kyrkje: Interiør og inventar, Arkitekturprisar, Fotnotar
Bilete sett mot altaret
Foto: Andrewrabbott

Kyrkja står på ein skogkledd kolle med høge furuer rundt. Anlegget er samansett av to volum, kyrkje mot nord og forsamlingssenter i sør bundne saman med ein kyrkjebakke. Grunnplanet til bygget har ei langstrekt, rektangulær form med saltak over sjølve kyrkjerommet. I forlenging av kyrkjerommet kjem kyrkjetorget med flatt tak. Kyrkja har frittståande klokketårn i tre ved det sør-vestlege hjørnet. Kraftige murar i skifer framhevar fargane i landskapet samstundes med at dei store glasflatene reflekterer vegetasjonen og ljoset frå himmelen.

Kyrkja var kontroversiell i si tid, mellom anna fordi ein her tok i bruk langkyrkjeforma og fordi altaret ligg mot nord, og golvet har ei svak helling nedover mot altarpartiet.

Interiør og inventar

Kyrkjerommet har hovudskip med to sideskip og galleri. Golvet fylgjer terrenget og har eit svakt fall fram mot fondveggen ved altarpartiet. I betonggolvet ligg berget ope framme ved koret og bak delar av benkane.

Preikestolen er ein lesepult i stål og tre og er montert i berget framme ved koret. Altaret og altartavla er trukket litt mot aust. Altartavla dekkjer ein stor del av glaspanelet i fondveggen. Arkitekturen er prega av grå murar og svarte stålkonstruksjonar.

Arkitekturprisar

Mortensrud kyrkje og arkitektane har vunne ei rekkje arkitekturprisar, mellom anna Houens fonds diplom og Norsk Stålkonstruksjonspris.

Fotnotar

Litteratur

  • Dahle, Einar; Havran, Jiri (2008). Kirker i Norge, bind 6: Modernismen. 1900-tallet. Oslo: ARFO. s. 268-277. ISBN 978-82-91399-12-6. 
  • Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Are Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 61-62. ISBN 978-82-573-1946-5. 
  • Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 367. ISBN 978-82-573-1760-7. 

Bakgrunnsstoff

Tags:

Mortensrud Kyrkje Interiør og inventarMortensrud Kyrkje ArkitekturprisarMortensrud Kyrkje FotnotarMortensrud Kyrkje LitteraturMortensrud Kyrkje BakgrunnsstoffMortensrud KyrkjeArbeidskyrkjeJensen & Skodvin ArkitektkontorKirkelig kulturverkstedOslo kommuneSøndre Nordstrand

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

US AirwaysTartanSofia av SverigeNasjonalplantarAlderspensjonOldtidPink FloydAlberte-trilogienFrankrikeFloyd CramerAlsaceEdvard VII av StorbritanniaØrsta kommuneDansSchrödingers kattAstatRokadeNoahTalordFiskebankeLeif ØstliInnsjøar i SkottlandOckham sin barberknivPeter HolmKosmogoni7. februarKristian ØdegårdEli Kari GjengedalPokljukaAndCubaSkjørbuksurtBelgiaLitauenVasilij P. RotsjevPaddene i AustefjordenMorfinLionel MessiKlipperKlokkeBarentshavetBåhus festningKalkulusDet osmanske riketPlaneten JupiterParaguayArve OpsahlTerroråtaka 11. september 2001LibanonLæringsteorien konstruktivismeHaakon VII av NoregKattJohannespasjonen av BachVM i skiskyting 2021NM i fotball for kvinnerGoogle MapsMediaWikiFylkeElvdalskHar SedomAC MilanElvar i FrankrikeBodø kommuneBrest i FrankrikeAmund SkiriOsterøy kommuneRoald ØyenSurinamWikinewsMount EverestDen norrøne kalenderenGolden GlobeKnut den mektigeRusslandTrieste🡆 More