Oslo domprosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja.
Det femner sentrale delar av Oslo og er eitt av fem prosti som dekkjer Oslo kommune. Sidan prostiet er knytt til Oslo domkyrkje, er det leia av ein domprost.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Prostiet har pr. 2014 åtte sokn, etter ei større endring med fleire samanslåingar i 2013. Då vart Gamlebyen sokn og Grønland sokn slått saman til eitt sokn, og Gamle Aker sokn, Lovisenberg sokn, Markus sokn, Oslo Domkyrkje sokn og Trefoldighet sokn vart slegne saman til Sentrum og St. Hanshaugen sokn.
Sokn | Kyrkje(r) | Kyrkjeleg fellesråd |
---|---|---|
Bygdøy sokn | Bygdøy kyrkje | Oslo |
Fagerborg sokn | Fagerborg kyrkje | Oslo |
Frogner sokn i Oslo | Frogner kyrkje i Oslo | Oslo |
Gamlebyen og Grønland sokn | Gamlebyen kyrkje (i privat eige) Grønland kyrkje | Oslo |
Sentrum og St. Hanshaugen sokn | Gamle Aker kyrkje Lovisenberg kyrkje (i privat eige) Markus kyrkje (leigd ut) Oslo Domkyrkje Trefoldighetskyrkja | Oslo |
Kampen sokn i Oslo | Kampen kyrkje i Oslo | Oslo |
Uranienborg sokn | Uranienborg kyrkje | Oslo |
Vålerengen sokn | Vålerenga kyrkje | Oslo |
Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Oslo Domprosti desse prestegjelda:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Oslo domprosti, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.