Romsonden Deep Impact

Deep Impact er ein NASA-sonde som blei skoten opp 12.

januar 2005. Hovudmålet med sonden var å styrta ein nedslagssonde på 370 kg inn i kometen 9P/Tempel (òg kalla Tempel 1) medan modersonden observerte materialet som blei kasta opp av nedslaget og danna eit krater. Den 4. juli same år blei det kontrollerte nedslaget gjennomført med suksess. Like etter nedslaget oppstod det eit sekundlangt lyst glimt før ei lys og smal sky av kometmateriale skaut i vêret.

Romsonden Deep Impact
Bilete teke av modersonden like etter at nedslagssonden trefte komet Tempel 1.

Nedslagssonden, som var utstyrt med eige batteri og kamera, tok fleire bilete før han slo ned. Det siste biletet blei teke berre rundt tre sekund før nedslaget, ca. 30 kilometer over kometoverflata, og kunne visa overflatetrekk mindre enn fire meter på tvers.

Utvida ferd

I 2007 fekk Deep Impact-sonden to nye oppdrag som går under fellesnamnet EPOXI:

I deloppdrag éin (EPOCh) skal sonden observera lys motteke ifrå stjerner som ein kjenner til at det går planetar i bane rundt. Sonden skal leita etter spor av månar og ringar rundt planetane og sjå etter fleire planetar. Sonden skal òg observera jorda som om han var ein ekstrasolar planet for å enklare kunna tyda observasjonar av jordlike planetar i andre solsystem.

I deloppdrag to (DIXI) skal sonden vitja kometen Hartley 2 som ikkje har blitt studert i detalj før. Opphavleg skulle sonden vitja komet Boethin, men då astronomane ikkje var i stand til å finna kometen slik at ein kunne setja rett kurs for sonden, valde ein komet Hartley 2 i staden. Grunnen til at Boething ikkje kunne observerast kan vera at kometen har desintegrert og at dei gjenverande restane er for små til at dei kan bli observerte ifrå jorda. Sonden skal passera Hartley 2 i 2010 den 11. oktober.

Galleri

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Romsonden Deep Impact Utvida ferdRomsonden Deep Impact GalleriRomsonden Deep Impact Sjå ògRomsonden Deep Impact KjelderRomsonden Deep Impact BakgrunnsstoffRomsonden Deep ImpactKometNASANedslagskraterRomsonde

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KrokketUSAArnaWings at the Speed of SoundDen apostoliske truvedkjenningaSverre WilbergMurmanskJonsokLāsma KaunisteDet britiske imperietLímnosAlzheimers sjukdomHina Rabbani KharLydopptakMoskva oblastAfghansk myndeWhat It Is av Mark KnopflerPredatorGoogle MapsLinn UllmannHank WilliamsBillboardKolibriarBrahmaputraDet Bergenske DampskibsselskabHelsingforsBrann StadionEncyclopædia BritannicaCristiano RonaldoHeartbreak HotelLeonardo da VinciNord-AmerikaTorpoAgatha Christie9. juniPotetEuropaGjærKyivLourdesUngarnHeimehjelpHardangerMellom-AmerikaNasjonaldraktTranebærGreatest Hits 1982–1989LitauenMads HansenMarilyn MonroeLøveMørk materieKelly ClarksonSukkerKattaKvinnheradsdialektBrahmiskriftLillaHundre års ensomhetPjokken EideLove Me av Buddy HollyBritiske monarkarRódos byIda FladenHege SchøyenKnut Marius DjupvikEnglandThe Ragpicker's DreamEkvatorMaybe BabyÅl i HallingdalBlackbirdWilliam ShakespeareJens Stoltenberg🡆 More